Hopp til innhold

Korona stoppar utanlandske vikingar – no må dei leite etter norsk blod

Stengde grenser hindrar vikingar frå fleire europeiske land å reise i viking til Noreg. No må Vikinglandsbyen i Sogn i staden jakte nordmenn.

Frode Tufte

– BRUTALT: Frode Aas Tufte, dagleg leiar for Gudvangen Utvikling, seier vikinglandsbyen treng besøk frå fleire norske vikingar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er ganske brutalt, seier Frode Aas Tufte, dagleg leiar i vikinglandsbyen «Njardarheimr» i Gudvangen i Aurland.

På det meste har landsbyen opp mot 600 tilreisande «vikingar».

Kvar sommar kjem dei til Gudvangen og medverker til ei felles førestilling om å vere i vikingtida. Halvparten av dei tilreisande kjem frå utlandet.

Nokre er der som sesongarbeidarar; andre er med berre for moro skuld.

– Folk er forferdeleg triste

Men i år gjer korona at reiserestriksjonane er strenge, og no må Tufte leite innlands etter vikingar.

– Folk er forferdeleg triste for at dei ikkje får reise. Veldig mange lever av å stille stand på marknadar og leirar, seier han.

No har han «eit brennande ønskje» om at norske vikingar skal ta turen – og kompensere for tapet av utanlandsk «arbeidskraft».

– Vi treng besøket no meir enn nokosinne, seier han.

– Veldig dårleg timing.

Tufte og Gudvangen utvikling satsa i fjor tungt for å kunne driva heilårsdrift i vikinglandsbyen, og la inn alle krefter for å koma seg igjennom vinteren.

– Men då me hadde kome oss igjennom vinteren, fekk med Covid-19 midt i trynet. Det var veldig dårleg timing.

Georg Viking Hansen

SAKNAR KOLLEGAER: Høvding for Njardar Vikinglag Georg Olafr Reydarsson Hansen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Han reknar at dei har tapt mellom 90 og 95 prosent av bookingane for sommaren som følgje av koronapandemien.

Reiser viking kvar sommar

Leela Anita Kjørvik ser fram til turen til Gudvangen og vikinglandsbyen kvar sommar, og er høvding for Nordfjord Vikinglag, som omfattar Sandane, Stryn, Eid og Måløy.

Ho er lei seg for alle dei utanlandske vikingkollegene ho ikkje får møtt.

Leela Anita Kjørvik, høvding for Nordfjord Vikinglag, reiser viking kvart år.

REISER VIKING: Leela Anita Kjørvik, høvding for Nordfjord Vikinglag, reiser viking kvart år.

Foto: Privat

– Vi har fått melding frå mange triste vikingar som ikkje får reise til Noreg i sommar. Det er mange land der det er aktive vikingmiljø, som reiser nasjonalt og internasjonalt, seier ho.

Også høvding for Njardar vikinglag, Georg Olafr Reydarsson Hansen, seier han vil sakna sine utanlandske kollegaer.

– Vi kjem til å sakna våre fantastisk flinke handverkarar og guidar frå England, Tyskland, Polen og Latvia, seier han.