Vikafjellet stengt på grunn av uvêr

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av uvêr og blir ikkje opna i dag, melder Statens vegvesen.

Vikafjellet stengt

UVÊR: Vikafjellet blir ikkje opna i dag.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Fylkesveg 601 Undredal på strekninga Langhuso-Undredal er opna igjen etter å ha vore stengd på grunn av ras.

Men no er fylkesveg 242 Skjerdal og fylkesveg 241 til Bakka stengde på grunn av jordras.

– Det er usikker når vi kan få opna desse vegane igjen, seier Arne Stadheim ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

Fylkesveg 13 ved Sværen i Balestrand, på strekninga Dragsvik-Moskog, er stengd på grunn av snøras. Vegen blir ikkje opna i dag.

I same kommune er òg fylkesveg 152 stengt ved Menes på grunn av jordras.

Les meir på NRK Trafikk.

På fylkesveg 63 til Lavikdalen i Høyanger har det falle eit stort grantre over vegen.

– Det er det passasje for personbilar, og ei maskin er på veg for å rydde opp så vi reknar med å kunne opne vegen heilt i løpet av kort tid, seier Stadheim når NRK snakkar med han klokka 10:05.

Elles på fjellovergangane er det snø- og isdekke. På Hemsedalsfjellet og Filefjell blir store køyretøy tilrådd å bruka kjetting.

– Der var det + 2 grader og regn i dag, og då veit vi korleis der blir.

Vikafjellet er stengt på grunn av uvær og blir ikkje opna i dag.