Hopp til innhold

Vikafjellet opna etter to dagar

Grytidleg tysdag morgon vart riksveg 13 over Vikafjellet opna att. Då hadde vegen vore stengd i to døgn.

Vikafjellet

STÅR FRAMLEIS OPPE: Skiltet som varslar at vegen over Vikafjellet er stengd står framleis oppe.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Vegen over fjellovergangen i Sogn vart stengd søndag morgon ved 06-tida på grunn av uvêr. Sidan har styggevêret herja her og Vegvesenet har valt å halde vegen stengd.

Riksveg 13 over Vikafjellet er svært utsett for uvêr, ras og rasfare og har dei siste vintrane vore stengd i fleire hundre timar kvart år. Berre i fjor vinter var vegen stengd i langt over 500 timar.

Vegtrafikksentralen meldte måndag morgon at dei håpa vegen kunne opne i løpet av dagen, men vêret var i går så ille at dette ikkje vart mogleg.

Ved 05-tida tysdag morgon er det blitt så bra på fjellet av vegen er opna att.

Tysdag morgon er fylkesveg 13 over Gaularfjellet stengd. Dette er på grunn av nattestenging og vegen er venta å opne klokka 08.