Hopp til innhold

Vik utset ny brannordning

På eit møte mellom Vik kommune og Sogn Brann og redning i dag vart det semje om å utsette iverksettinga av ny brannordning i Vik.

Semje om brannordning i Vik

SEMJE: Frå v. hovudtillitsvald Arne Ovrid i Sogn Brann og redning, rådmann Oddbjørn Ese i Vik og brannsjef Johnny Skjerping.

Foto: MMS-foto: Noralv Pedersen / NRK

Det betyr at dagens vaktordning held fram inntil vidare. Etter planen skulle ei ny vaktordning ha teke til å gjelde 1. mai.

Rådmann Oddbjørn Ese sa etter møtet at begge partane var innstilte på å løyse opp i dei flokene som har ført til at fleire av dei friviljuge brannmannskapa i Vik har trekt seg.

– Vi ynskjer å bruke litt tid på å gå inn i ulike sider av saka, så får vi sjå om dagens ordning blir ei permanent ordning. Det har vore ein god tone på møtet, begge partane har vore løysingsorienterte, og begge partane ser at det kan vere nyttig å sjå på sider av saka på ny.

– Gjorde forsvarleg vedtak

I det siste har det kome fram at Vik kommune gjorde eit vedtak om brannordning i strid med ein risikoanalyse. Men Ese tek ikkje sjølvkritikk på at han kom med tilrådinga som kommunestyret vedtok i juni i fjor og som no har ført til at fleire av dei friviljuge brannmannskap i Vik har trekt seg.


– Sjølv med det som har kome fram i det siste ville eg ha gjort same tilrådinga som eg gjorde sist. Vi baserte oss på faglege råd, og eg står fast på at vi gjorde eit forsvarleg vedtak ut frå dei opplysingane som låg til grunn på det tidspunktet.

Ber folk om å bli med


No ber rådmannen dei som har trekt seg frå brannberedskapen om å tenkje seg om og bli med vidare.


– Vi kan ikkje leve med ein situasjon der vi ikkje har nok mannskap.

– Gode signal

Johnny Skjerping, som er leiar i Sogn Brann og redning, seier løysinga med å utsette å innføre ny vaktordning er fornuftig.


– Dersom vi får med oss mannskapa på dette så er det ei løysing på den akutte situasjonen som Vik kommune elles hadde kome opp i den 1. mai.


Og det at rådmannen signaliserer at det kan vere aktuelt å føre vidare den gjeldande vaktordninga på permanent basis er Skjerping glad for.


– Det høyrest ut som gode signal, vi kjenner til kva som må til for å rekruttere brannfolk i Vik. Som brannsjef er eg sjølvsagt ikkje lei meg for å få best mogeleg beredskap.

Må spare inn andre stader

No må Ese og Vik kommune på leit etter andre stader å spare pengar enn på brannberedskapen.


– Det er for tidleg å seie kvar vi kan kutte, det heiter at ein skal snu alle steinar. Her har vi kanskje snudd ein stein for mykje, men det er klart at vi har ei økonomisk utfordring i Vik.