Vik seier nei til storkommune no

Kommunestyret i Vik seier nei til å slå seg saman med Voss og eventuelt Aurland og Granvin kommunar. Men samstundes vedtok dei folkevalde i dag å seia ja til å vurdera samanslåing seinare - viss Vikafjellstunnelen blir bygd. Eit mindretal på fem representantar røysta for å gå inn i ein storkommune sørover no.

Kommunereformvedtak i Vik
Foto: Noralv Pedersen / NRK