Vik er nesten isolert

Vik i Sogn er nesten isolert laurdag kveld og natt til søndag. Vikafjellet er stengd på grunn av uvêr, og Rv 13 mot Vangsnes er stengd på grunn av rasfare. Men det blir to gjennomkøyringar i den snart ferdige Goteviktunnelen forbi rasstaden i kveld, samt at naudetatane kan ta tunnelen i bruk. – Om det skjer noko, så kjem me oss ut av bygda. Det er ein heilt ny kvardag, seier ordførar Roy Egil Stadheim.

Vikafjellet laurdag kveld 21.nov 2020
Foto: Webkamera / Statens vegvesen