Hopp til innhold

Vie måtte vente med å vie seg med Anders

Anders Engesæter og Therese Vie skulle ha gifta seg i fjor. Men som mange andre par droppa dei det då pandemien kom.

Therese Vie og Anders Engesæter skulle gifta seg i 2020.

UTSETT: Therese Vie og Anders Engesæter har utsett det store bryllaupet sitt til september i år.

Foto: Privat

Heilt ferske tal frå Statistisk sentralbyrå syner ein nedgang på over 18 prosent i inngåtte ekteskap i Noreg i 2020, i høve til 2019. Dei faktiske tala er 19.855 i 2019 og 16.151 i 2020.

I Førde har det nybakte foreldreparet Therese og Anders blitt ein del av statistikken.

– Det var jo rett og slett det at vi ikkje kom til å få det bryllaupet vi drøymer om, seier Therese Vie til NRK.

Deira plan var å gifte seg borgarleg og ha ein stor fest med familie og vener.

– Vi vil ha eit bryllaup med masse familie, vener og klemming og dansing, alt som korona sette ein stoppar for.

No har det unge paret førebels utsett sitt bryllaup til september i år.

– Ekstraordinært

Det er nedgang over heile linja for ulike typar vigsler, men for den norske kyrkja er nedgangen størst.

Medan det i 2019 var 6214 vigsler i norske kyrkjer, var det i 2020 berre 4361. Ein solid nedgang på 30 prosent.

Leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum, er trygg på at mange vil kome attende til kyrkja for å vie seg når vi kan sjå enden på pandemien.

– Tala for 2020 er ekstraordinære fordi 2020 var eit ekstraordinært år, seier Raaum.

Over halve året i fjor var kyrkja underlagt avgrensingar på mellom 50 og 200 personar, og i to månader var kyrkjene heilt stengd ned i heile landet.

Mange utset viktige dagar

– Vi såg i fjor at mange har valt utsetje merkedagane i livet i møte med pandemien.

Talet på døypte har også gått ned med over 8 prosent.

– Vår utfordring når restriksjonane blir letta, blir å minne om at det ikkje er noko aldersgrense på dåpen og at du er velkomen til å «ta igjen» feiringa du mista i 2020, seier Råum.

Tala syner også at det i snitt var langt færre som kom i kyrkja under kvar vigsel. I 2019 var talet 65 og i 2020 var talet 41.

Vonar på hausten

For Therese Vie og Anders Engesæter går dagane med til bleieskift og babybading no for tida.

Men dei har eit inderleg håp om at landet kan opne såpass at dei kan halde draumebryllaupet sitt i haust.

– Sidan eg håpar å kun gifte meg ein gang, så håpar eg å få gjere det på den måten eg alltid har sett det for meg, seier Vie.

Vigsler i Noreg 2019 - 2020

Ekteskap

2019

2020

Den norske kyrkja

6805

4560

Borgerleg

8868

8303

Trussamfunn utanfor Den norske kyrkja

1536

1356

Utanlands

2646

1743

Uoppgitt

0

189