Hopp til innhold

Sjå video: Så tett kom Per Asbjørn på reinflokken over Utvikfjellet

Dei to arbeidskameratane var på veg heim etter ein lang arbeidsdag då denne flokken med reinsdyr dukka opp midt i vegen. Dei store snømengdene på Vestlandet gjer at mykje hjortedyr trekk ned i vegane.

Reinflokk vandrar over fylkesveg 60 over Utvikfjellet i Nordfjord.

FLOTT MØTE: Per Asbjørn Felde og arbeidskollegaen møtte på reinflokken over Utvikfjellet. Foto: Per Asbjørn Felde

– Eg og ein arbeidskollega kom frå linjerydding inne i Olden, og vi kom opp over Utvikfjellet i firetida. Vi kom rundt ein sving og brått aula det med noko framfor bilen. Eg forstod ikkje med ein gong kva det var for noko, men så såg vi etter kvart at det var ein reinsdyrflokk, fortel Per Asbjørn Felde til NRK.

Han fekk teke fram mobiltelefonen og fekk filma då den store flokken som i liten grad brydde seg om trafikken rundt dei.

– Dei var på veg ned i vegen og gjekk langs med bilen. Eg rulla ned sidevindauga og filma litt. Dei var veldig tamme. Reinsdyr er veldig fasinerande dyr. Når ein får dei heilt opp til bilen slik, så er jo det veldig spesielt, seier Per Asbjørn.

Per Asbjørn Felde

MØTTE REINEN: Per Asbjørn Felde.

Foto: Steinar Lote / NRK

Reinsdyr langs vegane har ført til utfordringar fleire stader den siste tida. Mellom anna har riksveg 7 over Hardangervidda vore stengd på grunn av mykje dyr i vegbana.

Går etter vegsaltet

Villreinen på Utvikfjellet har fleire gonger dei siste åra vekt stor merksemd blant dei vegfarande. Dei følgjer stort sett dei same reintrakka som alltid, men vegsaltet gjer at mange også stoppar opp i vegbana for å få seg ein liten godbit.

– Eg veit dei har kryssa vegane her oppe fleire gonger dei siste vekene, det såg ut som dei gjekk og sleika på saltet i vegbana. Det å kome så nært på desse dyra er jo ein av goda vi har med å bu ute i distrikta, meiner Felde.

Mykje hjort langs vegane

Dei store snømengdene langs mange vegar denne vinteren, fører også med seg at mykje hjort trekker ned frå liene. Ein av dei som har sett mykje hjort er brøytebilsjåfør Edvin Øvrestrand.

– Det er veldig mykje hjort etter vegen, frykteleg mykje. Det er to grunnar. Den eine er no snømengdene, og den andre er jo at dei steler frå rundballane. Det er hjort alle plassar, så folk må vere veldig obs på det, sa Øvrestrand i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane torsdag morgon.

Viltkonsulent i fylkeskommunen, Joar Helgheim, slår fast at det er heilt naturleg at både hjort og rein trekkjer nedover mot vegane slik forholda er no.

– Reinen går gjerne etter vegsaltet, medan hjorten leitar etter mat, seier Helgheim.