Hopp til innhold

Vidaregåande skular utan internett

Alle dei vidaregåande skulane i Vestland er heilt utan internett i dag. Det er uvisst kva som er årsaka og når nettet vil vere oppe å gå.

Ved Firda vidaregåande skule på Sandane skulle det i dag vere planleggingsdag. Datatrøbbelet vil ikkje få følgje for skuleoppstarten.

– Det er ikkje dei store utfordringane. Men det er litt ulempe, og det viser kor avhengige vi er av internett og data. Vi har basert oss på desse løysingane og når det ikkje fungere så blir det litt trøbbel. Men vi får det til, seier rektor Hallgeir Hansen.

Også nettsida til Vestland fylkeskommune er ute av drift.

Nettsiden til Vestland fylkeskkomune nede
Foto: Screenshot