Hopp til innhold

Statleg utstyrslotteri for yrkesfag: – Litt som «Joker Nord»

Vidaregåande skular fekk statsstøtte ved loddtrekking. Men ikkje alle forsto «spelereglane».

Alta vg

FLAKS: Elevar ved Alta vidaregåande skule vann 200.000 frå staten til løftebukk for snøskuter-reparasjon, sjølv om rektoren deira ikkje forstod spelereglane.

Foto: Privat

– Me fekk cirka 3,5 millionar kroner. Det er berre fantastisk, seier rektor Hallgeir Hansen ved Måløy vidaregåande skule i Vestland.

Det har kanskje aldri skjedd før. At statsstøtte blir delt ut ved loddtrekking.

Men no har 66 vidaregåande skular blitt trekt ut til å få til saman 77 millionar kroner frå Utdanningsdirektoratet. Midlane skal gå til nye, «framtidsretta» maskinar og utstyr på yrkesfag.

Mange fekk ingenting. Dei heldigaste fekk mange millionar kroner.

«Joker Nord»-kjensle

– Dette var kjærkome. Det er ein bra sum opp mot det me er vane med, seier rektor Leif Roar Solheim ved Vinstra vidaregåande i Gudbrandsdalen.

Skulen vann minimumsbeløpet på 200.000 kroner.

Også Alta vidaregåande har fått 200.000 kroner: til ein løftebukk for snøskuter.

– Me var veldig glade for å få pengar, seier rektor Inger Persen.

rektor Hallgeir Hansen

FANTASTISK: Rektor Hallgeir Hansen var ikkje klar over kor stor vinnarlukke Måløy vidaregåande skule har hatt.

Foto: Utdanningsforbundet

Men sjølv om vinnarane er nøgde, var ikkje alle klar over «spelereglane».

– Eg visste ikkje at det var loddtrekking, seier Alta-rektoren.

Dessutan stussa Persen då ho oppdaga at nokre skular hadde fått fleire millionar kroner. Var ikkje maksbeløpet 1,5 millionar kroner?

– Kanskje var rammene litt uklare. Eg fekk litt «Joker Nord»-kjensle då eg såg tildelinga, ler ho.

Mange i Noreg hugsar Team Antonsen sine TV-sketsjar «Joker Nord», der programleiaren for pengespelet heile tida endrar spelereglane.

Krøvel Velle-Volle blir tvunget til å spille bort nyren sin.

JOKER NORD: Krøvel Velle-Volle blir tvunge til å spela bort nyra si.

Flaks mot forelda utstyr

– Dette er ei ny form for tilskot, der ein trekker vinnarane. Så det er jo flaks om ein får tilskot. Så skal det forskast på korleis desse tilskota fungerer.

Det seier Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Lubna Jaffery.

Men heller ikkje ho er heilt stø i lotterireglane. Ho hevdar at kvar skule hadde «eitt lodd», men Utdanningsdirektoratet seier at kvar enkelt søknad var «eitt lodd».

Lubna Jaffery, omvisning på Hyssingen produksjonsskole

YRKESFAGLØFT: Mange skular har forelda utstyr som ikkje matchar det elevane møter i arbeidslivet, seier Lubna Jaffery (Ap).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Akkurat! Ja vel?

Skulen som casha inn aller mest i «statslotteriet» var Sotra vidaregåande utanfor Bergen. Dei sende inn fem søknadar, vann på fire av dei, og fekk totalt 4,8 millionar kroner.

Men den mest utrulege vinnarlukka hadde Måløy vidaregåande.

– Me sende inn ni søknadar, og fekk tilslag på alle, til saman 3,5 millionar, seier Hansen.

TIP-elevar ved Måløy vidaregåande skule

KJEMPEFLAKS: Bilmekanikarar og andre yrkesfagelevar i Måløy har vunne 3,5 millionar kroner i statsstøtte.

Foto: Måløy vg skule

Vinstra-rektor Solheim visste ikkje at kvar skule kunne senda fleire søknadar og få mange millionar. Skulen sende éin søknad, på minimumsbeløpet.

– Me kunne hatt bruk for mykje meir, men det tenkte me ikkje var realistisk, så me søkte om det mest nødvendige utstyret.

(Kvar enkelt skule: sjå lista nedst i saka.)

Forskingsprosjekt

Sjølv om skular har vore usikre på lotterireglane, er utlysingspapira frå Utdanningsdirektoratet tydelege:

Skulane kunne senda så mange søknadar dei ønska, på beløp mellom 200.000 og 1,5 millionar kroner. Føremålet og søknadsteksten var ikkje relevant: loddtrekkinga var heilt tilfeldig.

Rektor Gry Hege Grønningen på Kvinnherad vidaregåande i Vestland seier ho var klar over reglane. Ho er veldig nøgd med at skulen vann 250.000 kroner.

– Eg er ikkje misunneleg på millionvinnarane, men glad på deira vegner.

Senioranalytikar Karl Skaar i direktoratet forklarer poenget med å trekka ut vinnarar av statsstøtta tilfeldig.

– Det skal forskast på om ei slik form for statleg løyving fører til at fylkeskommunane som eig skulane løyver meir til denne typen investeringar.

Den halvparten av søknadane som ikkje vann i trekninga, blir kontrollgruppe for forskarane som skal studera effekten.