Hopp til innhold

Tidenes snøstorm vart knapt nok ein mild norsk vinter

Vidar Brekke frå Vik plukka fram skia og venta spent på tidenes snøstorm i New York. Han vart skuffa. – Dette var ikkje noko å skrive heim om for ein nordmann, humrar han.

Oransje brøytebil brøyer snø i New York

SNØMOKING: All trafikk stogga opp då snøstormen Juno trefte New York måndag. Stormen imponerte ikkje Vidar Brekke frå Vik.

Foto: Magne Ove Varsi / NRK

Brekke flytta frå Vik til USA for 15–16 år sidan og har saman med familien busett seg i Atlantic Highland, eit kystområde i New Jersey, kring halvtimen frå New York.

Vidar Brekke

FLYTTA: Vidar Brekke har budd kring 16 år i New York, som måndag vart råka av tidenes snøstorm.

Foto: privat

Verdsmetropolen som måndag kveld vart treft av snøstormen Juno. Den skuffa Brekke.

– Eg tok fram skia og tenkte eg skulle gå på langrenn, men det er ikkje anna enn bar bakke så fort eg kjem to-tre meter utanfor huset, humrar han.

– Mild norsk vinter

For den amerikanske austkysten budde seg på eit stort snøfall og vind opp i orkan styrke . Borgarmeister Bill de Blaiso i New York åtvara mot det som kunne bli den verste snøstormen i byen si historie.

Når det verste no har lagt seg, meiner Brekke at stormen har vore meir som ein mild norsk vinter.

Det ryddes utenfor FN-bygningen i New York

SNØRYDDING: Det blir rydda for harde livet utanfor FN-bygningen i New York.

Foto: Magne Ove Varsi / NRK

Utanfor huset til Brekke ligg det fem-seks centimeter med snø, vinden har ligge på bris medan temperaturane har veksla mellom nokre minusgrader og plussgrader.

Med andre ord heilt andre tilstandar enn det som til tider rår på Vikafjellet i heimkommunen.

– Som nordmann er ikkje dette noko spennande. Det er fem seks centimeter snø utanfor huset. Men alt er stengt. Vegar, skular og butikkar. Det er merkeleg, men slik er det når ein ikkje er vand med å få så mykje snø. Då går det fort gale for dei som ikkje kan køyre på snø eller gjere andre ting som har med vinter å gjere, humrar Brekke.

Ikkje vande med snø

Dei mest utsette stadane fekk kring ein halvmeter snø under stormen som fekk namnet Juno. I dag er det ungane som jublar over skulefri.

– Vi skulle få det verst her, men enkelte område er hardare råka enn her vi bur. Heller ikkje vinden slo til her. Så det er nok skuffande greier for dei som håpa på langvarig skulefri, seier Brekke.

– Tykkjer du stormen var unødvendig mykje hausa opp?

– Det hjelp ikkje om du kan køyre på snø, om ikkje andre kan det. Det dreier seg om at folk ikkje har vinterdekk, ikkje er vande med å køyre på snø og ikkje beredskapen for brøyting og slikt er ikkje så god. Det tek litt tid før ein får fjerna sjølv den minste snø.

Ryddar snø på harde livet

Sjølv om snømengdene i beste fall er små, ryddar amerikanarane snø på harde livet. For i USA kan ein saksøkast om det ikkje blir gjort.

– No må eg bruke halve dagen på å måke snø, for det er ulovleg å ikkje måke snø utanfor huset. Skulle nokon falle å slå seg, så er det din feil. Her står alle og passar på at vegane er godt måka så ikkje blir saksøkte på grunn av skader frå folk som går forbi, seier han og legg til at det verste no skal vere over.

– Men så lenge snøen blir liggande, så er det farleg for dei som ikkje er så flinke til å ta omsyn til snøvêr. Så det blir nok stengde skular og butikkar dei neste dagane også. Sjølv om det ikkje er meir enn fem-seks centimeter snø, avsluttar han.