Vi sender direkte på NRK P1 Sogn og Fjordane mellom kl. 10:30 og 12:00.
Vi får besøk mellom anna besøk av radiosjef Jon Branæs og marknadssjef i Digitalradio Norge, Jarle Ruud.
Vi skal også ein tur innom Høyanger der vi skal møte ein mann som er ekspert på DAB og som har jobba med FM-nettet sidan 1982. I tillegg får vi besøk av ein sprudlande og morgonfrisk gjeng i studio - nemleg Ronny, Silje og Markus frå P3-morgen
Sjølve sløkkinga var det radiolyttar Monica Sunde Tjønnås som stod for.
Onsdag forsvinn NRK-kanalane på FM også i fire andre fylke, nemleg Hordaland, Rogaland og Agder-fylka. Etter dette kan du høyre oss på DAB+, nett/mobil og via TV-en.
– Ei ny framtid
Distriktsredaktør Terje Gilleshammer meiner dagen er ein merkedag for NRK Sogn og Fjordane sine lyttarar på Vestlandet.
– FM-nettet var ein revolusjon då det kom og har vore viktig for radioen i Sogn og Fjordane. No tek vi eit steg inn i ei ny framtid som gjev oss eit endå større tilbod av kanalar.
– Vi ser at det vekker sterke kjensler. Det forstår vi. Samstundes håpar vi at folk vil sjå at DAB blir ei god løysing i lang tid framover, seier Gilleshammer.
Har du spørsmål?
Mellom klokka 13 og 14 kan du spørje om det du lurer på om DAB på Facebooksida til NRK Sogn og Fjordane. Marknadssjef Jarle Ruud i Digitalradio Norge sit klar til å svare på det du lurer på.
- Les også:
- Les også: