Vi kastar 385.000 tonn mat i året – jula er verst

FØRDE (NRK): Nordmenn kastar 385.000 tonn mat i året, og jula er høgsesong for matsvinn. Ta quizen i botnen av saka for å finne ut kor god kontroll du har på haldbarheit og matvett.

Julebuffet dessert Scandic Sunnfjorc

DESSERTBORD: På Scandic Sunnfjord hotell kan gjestane forsyne seg av eit stort dessertbod.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

– Desember er kanskje den månaden i året vi både handlar og kastar mest mat – fordi vi har store selskap, vi bakar mykje og vi lagar mat av ingrediensar vi vanlegvis ikkje brukar resten av året, seier Anne Marie Schrøder i matvett.no.

På landsbasis kastar nordmenn minst 385.000 tonn mat i året, og matsvinn representerer 10 prosent av globale klimagassutslepp.

– Det er viktig å redusere matsvinnet både fordi det er lite lønsamt å kaste mat, fordi det ikkje er bra for miljøet og fordi det ikkje er etisk forsvarleg med tanke på kor mange menneske som svelt eller er feilernærte, forklarar Schrøder.

Julebuffé ein versting

Det er ikkje berre på heimebane julemat går i søpla. I desember arrangerer mange hotell og restaurantar julebord, og forma buffé er svært populær.

– Juletida er sjølvsagt vanskeleg for restaurantbransjen, for alle er opptekne av å ha mest mogleg mat, alle skal ha maten på same tid, og maten skal vere varm, hevdar Schrøder.

Norsk matbransje har saman med myndigheitene forplikta seg til å halvere matsvinnet i Noreg innan 2030.

– Vi har eit bevisst forhold til matsvinn heile året, men det er klart vi har store mengder mat vi serverer og sel til gjestane våre i julebordstida. Dersom julebufféen har stått ute og framleis er fersk, kan vi bruke han att, men sjølvsagt vil noko av maten gå i søpla, fortel hotelldirektør på Scandic Sunnfjord Odd Erik Gullaksen.

Julemat på Scandic Sunnfjord

JULEMAT: Mange restaurantar tilbyr julebuffé der gjestane sjølve kan forsyne seg.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

På hotellet har dei sett i verk fleire tiltak for å unngå å kaste for mykje mat etter bufféen.

– Vi oppmodar om at ein kan forsyne seg fleire gongar, og har ein storleik på tallerkenen som opnar for det. I tillegg har vi matavfallskvern, slik at all mat som ikkje er skrog eller bein blir kompostert, seier hotelldirektøren.

– Planlegg og del

– Det er viktig å lage ei handleliste over kva ein treng tidleg og å rydde i kjøpeskapet for å få oversikt. Ein bør planlegge julemenyen så godt ein kan, og ha det same tilbehøyret fleire gongar. Elles kan ein invitere til restefest eller fryse maten, føreslår Schrøder i matvett.no

Matvett har fleire tips til kva vi kan gjere for å unngå å kaste mat i jula.

– Eit anna tips er å bake saman med familie eller venar. Då kan ein bruke opp litt rare ingrediensar, og så treng ikkje ein å bake så mange slag kvar, oppmodar Schrøder.

Er du ein matreddar? Kor mykje kan du om haldbarheit og matvett?

1/9 Kor mykje mat kastar nordmenn i året?

søppelbøtte med matavfall
Foto: Dag Aasdalen / NRK

I jula handlar og kastar vi meir mat enn elles, men kor mange tonn mat kastar nordmenn i løpet av eit år?

2/9 Kor kaldt bør kjøleskapet vere?

Temperatur
Foto: Jan Gulliksen / NRK

For at maten skal halde seg best mogleg, bør han bli oppbevart riktig. Mange varer hamnar i kjøleskapet, men kor mange grader skal det vere der?

3/9 Korleis bør ein oppbevare agurk?

Agurk

Agurken er gjerne å finne på mange frukostbord i jula, men korleis skal ein eigentleg lagre han?

4/9 Kva med fenalåret?

Fenalår
Foto: Marion Klaseie / NRK

Fenalåret er fast innventar hos mange i jula, men kor lenge kan ein ete av det?

5/9 Kor lenge er det trygt å ete blåmuggost?

Pepperkake med Stilton
Foto: Pernille Wroldsen / NRK

Pepperkaker med blåmuggost er blitt ein moderne juleklassikar, men kan ein eigentleg ete ost med mugg?

6/9 Når er mjølka dårleg?

Melk i kjøleskapsdøra
Foto: Karoline Berge Hammersmark / NRK

Kor lenge kan mjølka stå i kjøleskapet før ein må helle ho ut?

7/9 Kor haldbare er egg?

Vi spiser mer egg
Foto: Elisabeth Kirkenes

Kor lenge er det trygt å ete norske egg?

8/9 Kor lenge er posemat haldbar?

Suppepose
Foto: Kim Jansson / NRK

Du har kanskje funne ei posesuppe som har lege i skapet på hytta i fleire år, men kan ein framleis ete ho?

9/9 Kan ein ete mat etter "siste forbruksdag"?

Siste forbruksdag

Kan ein ete matvarer etter "siste forbruksdag"-datoen?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.