Innovasjon Noreg deler ut prisar til Årets gründer, Årets bedrift, Årets innovasjonsmiljø og Årets verdiskapar 28 mai, og to av dei nominerte kjem frå Sogn og Fjordane.
– Dei er vinnarar allereie. Det er tre kandidatar i kvar klasse, og det seier seg sjølv at dette bra, seier direktør Halvor Flatland i Innovasjon Noreg.
Dei som går av med sigeren får heider og ære og 250 000 kroner i premie
Highsoft Solution starta med ein ide om visualisering av snødjupne på fjellet og hadde i utgangspunktet ingen kommersiell baktanke.
No er dei nominert til tittelen Årets gründer saman med Beck Engineering frå Oslo og West Drilling Products frå Rogaland.
(Artikkelen held fram under biletet)
VANN i 2012: Gründerprisen 2012 gjekk til Highsoft Solutions. Her er Grethe Hjetland, juryformann Arvid Andenæs og Torstein Hønsi.
Foto: Gro Ravnestad / NRK
– Eit eventyr som starta som hobby
– Dette er eventyret om Torstein Hønsi som gjorde hobbyen sin til internasjonal business. Med ein genial forretningsmodell og produkt i verdsklasse har vi her eit godt eksempel på korleis ein lokal ide kan ha globale moglegheiter, seier Flatland.
Bedrifta utvikla Highcharts og Highstock som er programvaretenester som brukast for å vise grafar og diagram på ei nettside, eit dashbord eller i ein webapplikasjon.
Det kan til dømes vere finansielle data som valuta- og børskursar, vêrdata eller styringsverktøy.
(Artikkelen held fram under biletet)
VINNARAR: – Dei er vinnarar allereie, seier direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland om Highsoft Solutions og Moods of Norway.
Foto: Bård Siem / NRK
Vann i 2012
– Nominasjonen er motiverande og inspirerande for alle i Highsoft Solutions AS. Vi har jobba hardt for å kome dit vi er i dag, så det er ekstra kjekt når andre ser at vi oppnår gode resultat, seier Grethe Hjetland, CEO.
I fjor vart Highsoft Solutions tildelt «Årets gründerpris 2012» under Temposeminaret i Florø.
Saman med Sparebankstiftinga og Sparebanken Sogn og Fjordane delte NRK Sogn og Fjordane ut prisen. Prisvinnarane fekk i tillegg 100.000 kroner.
Då kjempa dei mot bedriftene Lege.no frå Mjømna, Droneservice frå Stryn, Proresult frå Førde og Melin Medical AS frå Sandane i finalen.
ÆRE: – Det er ei stor ære å bli nominert til prisen som Årets Bedrift, seier dagleg leiar Nils Are Karstad Lysø. Her er to av eigarane Peder Børrensen og Simen Staalnacke.
Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK
Starta med ein traktor og ei t-skjorte
Moods of Norway starta med ein tanke om å lage t-skjorter med bilete av ein traktor. No lagar dei klede, sko, solbriller og parfyme og har 300 tilsette.
Hovudtyngda er framleis på den norske marknaden, men dei planlegg at vidare vekst skal skje på internasjonale marknadar, mellom anna i USA.
– Moods har høg profileringsverdi og er til stor inspirasjon for andre som ønskjer å skape ei internasjonal merkevare, seier Flatland.
Vinnaren vert kåra 28. mai i Oslo på Signalkonferansen.