Vi et for mykje biff

Aldri før har nordmenn ete så mykje kjøt som no. Men reduserer vi ikkje forbruket, er det snart meir enn berre kroppen som vert øydelagd.

Biff
Foto: NRK

Nye tal viser at kvar nordmann et 71 kilo kjøt i året. No ropar forskarane varsku.

- Utviklinga må snu, elles kan det få store konsekvensar for miljøet, er bodskapen.

Et 71 kilo kjøt

Kjøt er svært ofte å finne i norske handlevogner og på middagsborda. Så ofte at forskarane er uroa. I ein rapport frå Sosial- og helsedirektoratet kjem det fram at kvar nordmann et 71 kilo kjøt i året. Det er over 18 kilo meir enn for 20 år sidan.

Mørkt kjøt det verste

Klimaforskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking likar ikkje utviklinga.

- Mørkt kjøt er den mest energikrevjande forma for mat vi kan putte i oss. Produksjonen av denne typen kjøt fører det til meir energiforbruk og meir utslepp av drivhusgassar, seie rhan.

Moderne kjøtindustri krev mykje transport og kraft - kraft som gjerne kjem frå ureinande kolkraftverk. I tillegg krev også produksjonen av kraftfôr til storfe mykje energi. Aall peikar på at produksjon av lyst kjøt og grønsaker er mykje meir miljøvenleg.

- Har eit moralsk ansvar

Mat utgjer omlag 30 prosent av kvar person sitt klimareknskap. Og nordmennene sine matvanar får klimakonsekvensar

- Det er med å auke det moralske klimaansvaret for nordmenn.

- Et opp maten

Men det er ikkje berre kjøtet vi et som er eit miljøproblem.

- Det eg ville starta med viss eg skulle bry meg om mat og klima, var å kaste mindre mat. Viss vi hadde ete opp maten vår, så hadde det vore det klart mest effektive klimatiltaket.