Hopp til innhold

Vi brukar ein halv milliard på å forsikre våre firbeinte venner

NORDFJORDEID (NRK): Nordmenn brukte i fjor ein halv milliard kroner på å forsikre kjæledyra sine. Line Forberg hadde forsikra hestane sine, men ikkje hunden.

Line Forberg

LIVSSTIL: I 2017 brukte Line Forberg og andre dyreeigarar tilsaman ein halv milliard kroner på kjæledyrforsikring. – Det er mykje pengar. Folk er glade i dyra sine.

Foto: Silje Guddal / NRK

Odin på 7 år fekk hofta ut av ledd i november i fjor. Operasjon var einaste løysing, men den kosta 10.000 kroner.

– Då tenkte eg på kva Odin betydde for meg og om det vart verdt det. Og det var det sjølvsagt, seier matmor Line Forberg.

No spring Odin fornøgd rundt beina til Forberg, framfor stallen på Nordfjordeid. I innhegninga ventar hestane Ylva og Mauritz.

– Eg har forsikra hestane, men eg hadde ikkje tenkt på hunden. Det vart ein dyr lærepenge, seier Forberg.

Hund, katt og hest

Stadig fleire nordmenn forsikrar kjæledyra sine. I fjor var over 180.000 kjæledyr forsikra, viser tal frå Finans Norge. På Eid Veterinærkontor er pågangen så stor at dei må utvide, og matmor og matfar kjem oftare enn før med forsikra dyr.

– Absolutt, det har auka veldig på. Folk har blitt flinkare til å ta vare på dyra sine, og forsikringsselskapa har sine følarar ute, men det varierer veldig kva forsikringane dekkjer, seier dyrlege Brede Seim.

Brede Seim

FIRBEINT VENN: – Hestar er veldig ofte godt forsikra, så kjem hund og etter kvart også katt, seier dyrlege Brede Seim, her med sin eigen hund, Skarv.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Er det nødvendig å forsikre dyra sine?

– Det er først og fremst eit økonomisk spørsmål. Når du står i ein situasjon som er heilt uventa, med ein knekt fot eller at hesten døyr og investeringa på 80.000 kroner går ad dundas, då er det greitt å ha forsikring, så du ikkje får så store tap.

Dyrlegen seier kostnadane ved sjukdom fort kan bli høge. Stine Neverdal i Finans Norge oppmodar dyreeigarar til å vere nøye med å sjekke kva forsikringa faktisk dekker.

– Sjekk alltid vilkåra. Då veit du kva som er dekka og ikkje dekka i akkurat di forsikring.

Dyre behandlingar

Ein halv milliard kroner brukte nordmenn på å forsikre firbeinte venner i 2017. Det er store forskjellar på forsikringsselskapa sine avtalar.

– Det kan vere ulik eigendel frå selskap til selskap, nokre har ein prosentvis eigendel av det behandlinga kostar, og forsikringa dekker resten. Vi har eit øvre tak på kva behandlinga skal koste, seier kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg.

Line Forberg var gjennom ein jungel av tilbod, før ho forsikra hestane sine.

– Det er veldig mange aktørar og veldig mange ulike måtar å forsikre dyra på. Det er fleire som kan få sjokk når dei opplever at ei behandling ikkje var inkludert, seier Forberg.

Mauritz fekk leve

For ei stund sidan vart den vesle hesten Mauritz sjuk medan matmor var på ferie. Så sjuk at han måtte på Veterinærhøgskulen. Det kosta 50.000 kroner, men Mauritz var forsikra.

– Hadde du klart det utan forsikring?

– Nei, då hadde han nok blitt avliva, seier Forberg.

Forsikring av kjæledyr

Forsikring av kjæledyr

2013

2017

Tal forsikra dyr

112.000

181.000

Forskringsbeløp (kr.)

258.000.000

517.000.000