Hopp til innhold

Veteranbåt brasa inn i luksusyacht – no er Sjøfartsdirektoratet kopla inn

Store og synlege skadar på luksusyacht etter «teknisk feil» på den 100 år gamle dampbåten.

Luksusyachten «Shinkai» med skader etter at veterandampbåten «Stord 1» kolliderte inn i yachten

UBLIDT MØTE: Yachten har store synlege skader i målinga på skipssida, men elles er skadeomfanget førebels uvisst.

Foto: Maria Gunnardsotter Svedal / NRK

I ein månad har no luksusyachten «Shinkai» lege til kai ved Bryggen i Bergen. Med skipsnamnet i lysande gullskrift langs sida. Det er ikkje offentleg kjent kven som eig skipet.

Bortsett frå at politiet i starten først slo fast at båten var russiskeigd, men sidan trekte utsegna tilbake, har yachten sitt opphald i Vestlandets hovudstad vore udramatisk.

Heilt til torsdag kveld klokka 18.45.

Då small det.

D/S Stord 1

VETERAN: Dampbåten «Stord 1» er restaurert og blir driven som museumsskip av frivillige.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Granskar saka

Den stolte veterandampbåten «Stord 1» støytte hardt inn i styrbord side på yachten som ligg kaien der det endå stoltare seglskipet «Statsraad Lehmkuhl» vanlegvis ligg.

Fredag har Sjøfartsdirektoratet vore på synfaring, for å sjå om Stord 1 framleis var sjødyktig.

Dei har ikkje vore om bord på Shinkai, då dette er eit privat skip, og utanfor direktoratet si makt.

Det er framleis ukjend om ulukka skuldast teknisk feil eller menneskeleg svikt.

Bulk i baugen på veteranbåten Stord 1 etter kollisjon med yachten Shinkai

LITT MINDRE STOLT: Slik såg baugen på veteranbåten ut etter kollisjonen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Forsikringskrøll

Vest politidistrikt har uttalt at dei reknar saka som ei rein forsikringssak.

«Stord 1» er forsikra i selskapet Havtrygd.

BT fortalde om uhellet først.

– Bileta viser skraper i målinga, men erfaringsmessig kan skjelettet på baksida ha fått seg ein trykk, sjølv om det ser fint ut på utsida, seier selskapets havarisjef Bjarte Wallevik til BT.

– Det anar meg at dette blir ei litt annleis sak enn me er vane med, seier Wallevik til avisa.

Bryggen i Bergen - Torgdag

FULL DAMP? Årsaka til at «Stord 1» krasja inn i luksusyachten som låg til kai på Vågen, er ikkje kjend (arkivfoto).

Foto: Atle Markeng / NRK

Det jobbast no med å få kontakt med forsikringsselskapet til yachten, som for tida seglar under Marshall Islands-flagg.

Det har vist seg å vera krevjande, og det er ikkje venta at dei møtast før etter helga, opplyser Wallevik.

Skipets sin norske agent, Alex. Birger Grieg AS, vil ikkje kommentera saka.

Veterandampbåten på 468 bruttotonn er som namnet seier driven av damp.

Dagleg leiar Atle Tornes i stiftinga til båten seier til NRK:

– Dette var sørgjeleg trist.

Bygd for Arktis

Det mørkegrå luksusskipet frå 2021 har ein design som gjer at det står fram ganske «uinntakeleg».

Selskapet som har designa det 55 meter lange fartøyet, har karakterisert det som ein «ekspedisjonsyacht», med eit skrog som er rusta for arktiske farvatn og toler å gå i is.

Men det ublide møtet på Vågen i Bergen med veteranbåten frå 1913 har late etter seg stygge sår i sida på «Shinkai». Veterandampbåten har derimot berre tilsynelatande ubetydelege skader.

Luksusyachten «Shinkai» med skader etter at veterandampbåten «Stord 1» kolliderte inn i yachten
Foto: Maria Gunnardsotter Svedal / NRK

«Hit and run»

Då NRKs fotograf er på staden i 21-tida, kjem ein av mannskapet på yachten forbi, på leiting etter overvakingskamera på Bryggen som kan ha fanga hendinga.

– Dampbåten sette brått full fart framover før samanstøyten, og så full fart bakover etter kollisjonen, fortel vedkommande, som uttrykker undring over at dampbåten har forlate staden:

– «Hit and run» ( «å stikke frå staden»).

Styremedlem Atle Vie i stiftinga som driv «Stord 1» har mellom anna ansvar for forsikringa av skipet. Og han forsikrar om at stiftinga slett ikkje har tenkt å springa frå ansvaret sitt.

– Me har ein god prosess med både skipet, forsikringsselskapa og politiet, seier han til NRK.