Hopp til innhold

Klarar ikkje finna drosjar som vil køyra pasientar: – Tilboda er ikkje til å leva med

Ni distriktskommunar i Vestland står snart utan avtalar om pasienttransport med Helse Bergen. Drosjeselskapa meiner tilbodet frå helseføretaket er for dårleg.

Pasienttransport på Voss

PASIENTTRANSPORT: I vinter blei Helse Bergen einige med Christiania Taxi om pasientkøyringa på Voss. Men i ni andre distriktskommunar er det stor uvisse.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Det kom som lyn frå klar himmel. Som ordførar i ein distriktskommune som Bjørnafjorden er ikkje dette noko eg kan akseptera, seier Trine Lindborg til NRK.

Torsdag 10. september kom beskjeden frå Helse Bergen. Snart vil helseføretaket stå utan avtale for pasienttransport i fleire distriktskommunar i Vestland.

Årsaka er at helseføretaket ikkje har klart å bli einige med drosjeselskapa om å fornya avtalar.

Partane er usamde om prisen for å frakta pasientar frå distriktet og inn til behandling på sjukehus.

– Med dei tilboda Helse Bergen har lagt på bordet, så er ikkje dette til å leva med, seier leiar Tor Anders Hauge i Noregs Taxiforbund i Hordaland.

Tor Anders Hauge, leiar i Norges Taxiforbund Hordaland

LEIAR: Tor Anders Hauge i Noregs Taxiforbund Hordaland.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Forlengjer mellombels

Taxiforbundet er interesseorganisasjonen for drosjeeigarar i Noreg, og uttalar seg på vegner av drosjeselskapa som ikkje har blitt samde med Helse Bergen.

I Bjørnafjorden kommune (tidlegare Os og Fusa kommunar) fekk dei altså melding om situasjonen torsdag førre veke.

I utgangspunktet ville dei stå utan avtale for Fusa allereie frå måndag 14. september.

Etter intern drøfting, i tillegg til at ordførarar i fleire kommunar tok kontakt, bestemte Helse Bergen seg for å tilby forlenging av dagens avtalar i fire veker.

Det er tredje gongen helseføretaket forlenger fordi nye avtalar ikkje er inngått.

– Når vi ser at nokre pasientar ikkje får tenestetilbod, avhengig av kvar dei bur i kommunen, så er det ein uhaldbar situasjon. Vi har hivd oss rundt og ropa høgt, så no er det i alle fall ei endring slik at vi får meir tid, seier ordførar Lindborg i Bjørnafjorden.

Trine Lindborg

ORDFØRAR: Trine Lindborg i Bjørnafjorden kommune har avtale for Os-delen av kommunen, medan innbyggjarane i Fusa frå oktober står utan pasienttransport om ikkje partane blir samde.

Foto: Silje Thalberg / NRK Hordaland

Ni kommunar

Det er rundt 10 prosent av pasientreiseområdet til Bergen som vil stå utan avtale frå 13. oktober:

  • Austevoll
  • Modalen
  • Samnanger
  • Fusa i Bjørnafjorden kommune
  • Osterøy
  • Gulen
  • Masfjorden
  • Vaksdal.
  • Ølve og Hatlestrand i Kvinnherad kommune.

I tillegg er det usikkerheit rundt kommunane Ulvik og Kvam.

– Bakgrunnen er i hovudsak prisskilnaden mellom maksprisane me har sett og dei prisane transportørane vil inngå avtalar på, fortel Ann-Mari Høiland, avdelingssjef ved pasientreisekontoret i Helse Bergen.

KART: Det er desse kommunane som snart står utan avtale for pasienttransport inn til sjukehusa i Helse Bergen. I Kvam og Ulvik har Helse Bergen enno håp om å koma fram til einigheit med drosjeselskap.

Usemje om prisen for å henta pasientar

Høiland forklarar at det er den såkalla «tilkøyringslengda», avstanden drosjen må køyra for å koma fram til pasienten, som har vore avgjerande for at forhandlingane stranda.

– Nokre ønskte å få betalt frå første kilometer, andre frå fem eller ti kilometer. Når ein ønskjer ulik lengde, utgjer det ein prisskilnad.

Blant måla til helseføretaket har vore å utjamna prisane mellom aktørane dei inngår avtalar med.

– Prisdifferansen mellom avtalepartane i distriktet vårt er stor, også sett mot andre avtalepartar me har. Det gjeld også regionalt og nasjonalt nivå, seier Høiland, som håpar dei kan kome i mål ned nye avtalar i løpet av vinteren.

Ann-Mari Høiland

HELSE BERGEN: Avdelingssjef Ann-Mari Høiland ved pasientreisekontoret i Helse Bergen.

Foto: Christian / Lura

– Blir for dyrt i distriktet

Helse Bergen har hatt to anbodskonkurransar i helseføretaket sine distriktskommunar vinteren 2019 og våren 2020.

NRK har tidlegare skrive om utfordringane den nye aktøren Christiania Taxi opplevde då dei tok over på Voss 1. februar.

Tor Anders Hauge i Taxiforbundet seier det er veldig trist at dei ikkje er blitt samde andre stader i distriktet. Samstundes meiner han at maksprisen Helse Bergen har lagt seg på i forhandlingane ikkje er tilstrekkeleg for selskapa i distriktskommunane.

Hauge seier prisane fungerer i sentrale strok, men ikkje utanbys.

– Når du kjem ut i distrikta, der det er lange avstandar mellom pasientane, er dette ein veldig dårleg avtale. Med tilbodet som ligg i bordet, betyr det at drosjesjåføren må køyra gratis i periodar, seier han.

Sjølv er han dagleg leiar i Os taxi. Firmaet inngjekk i vinter avtale med Helse Bergen, fordi turprisen i eit så tettbygd nedslagsfelt som gamle Os kommune er, kunne forsvarast, forklarar han.

– Men kjem du til dømes på Osterøy eller meir usentrale strok i Hardanger, må du gjerne køyra to mil for å henta ein pasient. I avtaleforslaget Helse Bergen har lagt fram, får du berre betalt for fem kilometer pluss tida du køyrer pasienten. Dette blir veldig vanskeleg for distriktsdrosjane å akseptera, meiner Haugen.

Trude Brosvik i Vestland KrF

FORBAUSA: Gruppeleiar for KrF i Vestland, Trude Brosvik.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Vil ha statsråden på banen

Trude Brosvik, KrF-topp i Vestland, var ordførar i Gulen frå 1999–2011.

Ho reagerer sterkt på at heimkommunen snart står utan pasientreisetilbod.

– Eg har allereie vore i kontakt med kollegaar på Stortinget som vil ta dette opp med samferdsleministeren, seier Brosvik til NRK.

Brosvik meiner ein bør sjå helsetransport i distrikta i lys av endringa i yrkestransportregelverket som trer i kraft 1. november. Der blir det opna for at fylkeskommunar kan tildela drosjeselskap i små kommunar einerettar.

Det bør vurderast også for pasienttransport, meiner ho.

– Eg skjønar at helseføretaka vil gjera transporten billegast mogleg, men me har dei avstandane me har.