Hopp til innhold

Farevarsel: Vestlandet kan vente seg mykje snø

Kraftige snøbyer ligg ute i havet og ventar på å slå inn over Vestlandet. No har meteorologane sendt ut farevarsel.

Snøbyger over innhengning ved vann i Tingvoll.

PÅ VEG: Kystnære område på Vestlandet vil få mykje snø dei næraste dagane.

Foto: Alvhild Ulset

– Det handlar om snø på Vestlandet frå Nord-Rogaland, gjennom Vestland fylke og til og med Møre og Romsdal, fortel statsmeteorolog Espen Biseth Granan til NRK.

Det gule farevarselet gjeld frå midt på dagen onsdag og ut torsdagen.

Ute i Norskehavet og Nordsjøen står byene i kø for å kome inn over Vestlandet dei neste par dagane.

Meteorologane varslar at det kan kome mellom 10 og 25 centimeter nysnø i perioden onsdag og torsdag.

– Der dei heftigaste byene kjem inn, vil det få betydning for køyreforholda, seier Granan.

Denne gongen er det dei kystnære stroka i vest som blir omfatta av snømengdene.

– Ikkje sikkert at snævêret klarer å nå så langt inn i landet denne gongen, slår han fast.

Laster Twitter-innhold