Hopp til innhold

Bråk om reisene til statsministeren

Statsministeren har ikkje oversikt over kven som får flest besøk. Vestlandet er sikre på at dei blir neglisjerte.

Statsminister Jonas Gahr Støre forlater Praha i privatfly

HJELP, VI FLYR: Jonas Gahr Støre blir kritisert for å neglisjere Vestlandet når han legg ut på reise. I eit skriftleg svar til Stortinget erkjenner statsministeren at han ikkje har full oversikt over kva landsdelar han besøker.

Foto: NTB

Stortingsrepresentant for Høgre, Liv Kari Eskeland, har etterspurt kor mange reiser Jonas Gahr Støre har gjennomført på Vestlandet.

Den underliggande skuldinga er at statsministeren manglar «kjennskap» til Vestlandet, vestlendingar og behova deira, symbolisert ved at Hordfast ikkje fekk plass i den nasjonale transportplanen (NTP) som regjeringa la fram i mars.

Spørsmålet spelar vidare på det som har vore ei gjentakande skulding mot Støre – at han er for orientert mot utanrikspolitiske spørsmål og er oftare i Ukraina enn i Ulsteinvik.

Til å svare Stortinget har statsministeren sendt ut næringsminister Cecilie Myrseth, som forsikrar at sjefen er like glad i alle landsdelar, men at det ikkje finst ei detaljert oversikt over kven som har fått flest besøk.

Ho veit likevel at «om lag ein femdel» av reisene har gått til Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.

Ekstraordinært statsråd

– Statsministeren reiser mykje rundt i heile landet vårt. På desse reisene får han verdifulle innspel til regjeringas politikk, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Regjeringa har ikkje lokalkjennskap

Eg synest det er oppsiktsvekkande at det er Myrseth og ikkje Støre som svarar, seier Eskeland, som representerer Hordaland på Stortinget.

Ho legg til at det er «spesielt viktig» at statsministeren kjem seg rundt ettersom regjeringa er «utan statsrådar med lokalkjennskap til vestlandet».

Sidan Støre-regjeringa tiltredde har Vestland mista to plassar rundt Kongens bord i form av Sigbjørn Gjelsvik (Naustdal) og Marte Mjøs Persen (Bergen).

Til gjengjeld er landsdelen representert ved kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp); kulturminister Lubna Jaffery; forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel; og barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Nokre vil argumentere for at Vestlandet også omfattar Rogaland, som er representert ved kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun; klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen; og landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Liv Kari Eskeland i Høyre står på Halhjem fergekai

– Det er grunn til å undre seg over om Statsministeren har god nok kjennskap til vestlandet, seier Liv Kari Eskeland (H).

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Ingenting kan erstatte fysisk oppmøte

I fjor var spenninga mellom aust og vest motoren i eit såkalla «Vestlandsopprør» som spreidde seg langs kysten (sjå under).

Det ideologiske førelegget var det Samtiden-skribent Edvard Lysne identifiserer som den politiske kulturen til landsdelen: «ei sjølvbergingsbasert forretningsånd og ein sterk skepsis til sentralmakt og embetsverk».

Austevoll-fiskar Inge Halstensen gir uttrykk for dette vestnorske sinnelaget i ein mykje delt DN-kronikk der han ironiserer over «Vestlandskolonien på den breie ryggen til hovudstaden».

Med tilvising til handel, olje, oppdrett og energiproduksjon skriv han at det snarare er Austlandet som kviler på ryggen til Vestlandet.

Ingenting kan erstatte fysisk oppmøte, seier Tom-Christer Nilsen, som er næringspolitisk sjef i Bergen næringsråd.

Det er ein viktig del av det å kjenne landet, menneska og korleis verkelegheita er for kvar enkelt.

Les også «Oslo-sentrisk» lønnsutval skaper bråk i resten av landet: – Pinleg

Johan Sverdup-feltet

Han presiserer at han ikkje er opptatt av «millimeternøyaktigheit» når han tel reiser, men at det er «viktig at statsministeren møter landet han leier».

Derfor er eg glad for at han kjem på årskonferansen vår i november. Der han får møte 1200 vestlendingar frå eit vekstkraftig næringsliv.

Støre Verft Collage

«Om lag ein femdel» av reisene til Støre har gått til Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.

Foto: Lars Nehru Sand / NRK

Les også Det går bedre med landet enn partiet

Valgkampturne med Arbeiderpartiets leder Jonas Gahr Støre

Bra at Statsministeren brukar mykje tid i utlandet

Der Høgre gjer eit poeng av reisemønsteret til statsministeren, vil resten av opposisjonen på Stortinget snakke om politikken.

Det hjelper lite å reise rundt og lytte, viss ein ikkje eigentleg høyrer etter, seier stortingsrepresentant frå Hordaland, Sofie Marhaug (R).

Sjå fleire reaksjonar under.

Les også Bråk etter at Oslo fekk statlege arbeidsplassar

c-yE_znuDj0

Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo (V), meiner «Vestlands-modellen» er i ferd med å knekke under presset frå ein politisk allianse «som står fjernt frå verdiskapingskulturen og den typiske samfunnsmodellen på Vestlandet».

For min del må Støre reise akkurat der han vil. Hovudproblemet er at Støres Ap meir og meir er i lomma på LO, seier han.

Han legg til:

I ei tid med krig i Europa og eit stadig meir krevjande norsk utanforskap til EU, er det viktig og bra at Statsministeren vår brukar mykje tid i utlandet. Det trur eg også ein statsminister frå Høgre blir nøydd til.

Helge Andr Njåstad i Førde
Aleksander Åsnes

Helge André Njåstad, Frp

- Problemet med Støre er ikkje reisemønsteret hans, men politikken hans. Han er nok nok vidfaren og kjenner landet, men førar ein politikk der spesielt kysten blir tappa for pengar. Der feilbereknar han. At dei sviktar Hordfast og ikkje ser verdien av å kople saman Bergen og Stavanger, er også svakt.

Arild Hermstad (MDG) og Alfred Bjørlo (V) i Vevring 12. august 2021.
Oddmund Reisæter Haugen

Alfred Bjørlo, Venstre

- Eg trur Liv Kari Eskeland og Høgre er litt vel naive når dei antydar at Ap ville ha skifta politikk viss partileiar Støre hadde «reist litt oftare til Vestlandet» - sjølv om det heilt sikkert hadde vore lærerikt for han. Det viktigaste Støre kan gjere for å lytte til heile landet er å kutte møte på lukka rom med sentralleinga til LO, og i staden kome seg ut til folk flest rundt om i landet.

Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland
NHO Vestland / NRK

Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland

- Bedriftene på Vestlandet speler ei nøkkelrolle for at Noreg skal nå måla våre og lykkast med den grøne og digitale omstillinga. Vi har ein god dialog med regjeringa på fleire ulike nivå og snakkar jamleg med om korleis vi kan sikre bedriftene best mogleg rammevilkår og nødvendig infrastruktur. Både fysiske møte og synfaringar og førstehandskunnskap er uansett alltid viktig.

På tur i Geirangerfjorden med båt for å bli orientert om utfordringene i turistbygda NGeiranger
NRK

Liv Kari Eskeland, Høgre

- Det er på tide for Statsministeren å komme seg ut i landet, og lytte til folk og bedrifter. Utsegna om at «skal Noreg lukkast må vestlandet lukkast» blir ganske hòla når ein ikkje forstår kva rammer næringslivet her vest treng. Og når ein heller ikkje brukar tid på å sette seg inn i problema ein påfører næringslivet, då gjer ein det nærast umogeleg for næringslivet å lukkast.

Sofie Marhaug, toppkandidat for Rødt Hordaland.
NRK

Sofie Marhaug, Raudt

- Når det gjeld Nasjonal transportplan, så trur eg rett og slett prioriteringane speglar politiske kampar i regjeringa og internt i regjeringspartia. At Hordfast ikkje er prioritert, handlar ikkje om at Støre har vore middels eller lite på Vestlandet, men at det er vektige naturargument mot heile prosjektet.

Olve Grotle utanfor Sunnfjord rådhus
Ola Weel Skram

Olve Grotle, Høgre

- Støre-regjeringa har ført ein politikk som har skapt enorm uvisse. skattar er innført etter innfallsmetoden og over natta. Det har ikkje minst ramma næringslivet på Vestlandet, og viser i alle fall han burde ha besøkt landsdelen meir. Det er på tide med ei ny regjering som både besøkande, lyttar og gjennomfører politikk som gjer at næringslivet kan vekse og skape nye jobbar for framtida.

Les også Vestlandsopprør mot den «mest fiendtlege regjeringa i manns minne»

Statsminister Jonas Gahr Støre i Stavanger