Hopp til innhold

Krev at Hareide held milliard-løfta i vest

I fleire valkampar har Knut Arild Hareide lova å jobbe for samferdsleprosjekt for fleire titals milliardar i Vestland.

Typisk Vestlandet

FERJEFRITT SNARAST: Erna Solberg (H) og Knut Arild Hareide (KrF) på Sandvikvåg ferjekai på Stord i 2013. Den gongen lova dei oppstart av Hordfast allereie i 2018.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

No forventar Vestland-politikarane mindre ord og meir handling frå bømlingen som no har blitt landets fremste samferdslepolitikar.

For Hareide har gått til valkamp på fleire store veg, bane - og tunnelprosjekt i Vestland, men i dag vil han ikkje kommentere krava frå Vestland-politikarane.

Ein av dei som no stiller krav er Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap).

Han trur Hareide sin bakgrunn og gode kjennskap til Vestlandet kan tale til vossingane sine fordel.

– Hareide veit godt kva veg- og baneutfordringar vi har mellom Voss og Bergen. No kan han sitje med rattet og vere med på å prioritere dette prosjektet opp, seier Ringkjøb.

Vegstykket har tidlegare vorte kåra til Noregs verste veg i ei NRK-kåring.

Fleire vallovnader

Hareide har i tidlegare valkampar kome med ei rekke lovnader om å framskunde oppstarten på fleire av dei største vegprosjekta på Vestlandet:

Forventar start på skipstunnel

Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) er blant dei utolmodige.

– Eg forventar at Hareide blir ein samferdsleminister med gjennomføringsevne. No kan han bli den historiske ministeren som faktisk set spaden i jorda for Stad skipstunnel, seier Bjørlo.

Han forventar òg at Hareide følgjer opp lovnaden om å bruke ferjeavløysingsmidlar til å bygge ei bru mellom Anda og Lote.

– Vi ber ikkje om store statlege løyvingar, men kreativitet og samarbeid om å bruke pengar som elles blir brukte til å subsidiere ferjedrift, seier Bjørlo.

– Ein god statsråd for Hordfast

Hordfast-sjef og Høgrepolitikar Øyvind Halleraker er positiv til valet av Hareide som samferdselsminister.

Han trur likevel det kjem til å bli trongt om midla på statsbudsjettet kva gjeld nye løyvingar til Hordfast.

– Det blir spennande om Hareide kjem til å følgje dei same kriteria som andre har lagt seg på, seier Halleraker.

Han viser til målet til regjeringa om at dei prosjekta som blir vurderte til å vere samfunnsøkonomisk mest lønnsame, skal prioriterast først.

– Tettpakka program

– Vi har eit godt håp om at Hareide vil følgje opp dette. Eg trur han vil vere ein god statsråd for Hordfast.

Men kva den nye statsråden måtte meine om krava frå Vestland-politikarane, får vi ikkje vite noko om – i alle fall ikkje enno.

– Samferdsleminister Hareide har eit tettpakka program om dagen. Han har ikkje moglegheit til å svare i dag, vi må difor kome tilbake til denne saka, skriv seniorrådgjevar i Samferdsledepartementet, Edvard Andersen, i ein e-post til NRK.

Stad skipstunnel

SKAL BETRE SIKKERHEITA TIL SJØS: Stad skipstunnel er tenkt bygget mellom Moldefjorden og Kjødepollen, og vil få ei lengde på 1700 meter.

Foto: Kystverket/Snøhetta
Illustrasjon av Hordfast

HORDFAST-BRO: Slik ser planleggarane for seg at brua over Bjørnafjorden skal sjå ut dersom bruløysinga blir realisert.

Illustrasjon: AMC