Hopp til innhold

Fylke trassar norsk asylpolitikk: Vil hjelpe Gziawi og andre papirlause

Gziawi Habtemariam Habteslasie (56) frå Eritrea slit med tannverk og generelt dårleg helse. Vestland fylkesting vedtok i dag å utfordre nasjonal politikk som ikkje gir papirlause personar vanleg helsetilbod.

Portrettbilde av Gziawi Habtemariam Habteslasie

HÅP: Gziawi Habtemariam Habteslasie (56) frå Eritrea har store helseproblem, og fordi han er papirlaus flyktning får han ikkje nødvendig helsehjelp. No vil Vestland fylke hjelpe.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

For første gong har ein norsk fylkeskommune innført sin eigen asylpolitikk, stikk i strid med den nasjonale politikken. Vestland fylkesting vedtok i dag med 53 mot 10 røyster å hjelpe papirlause personar til eit meir humant liv.

Seinast i 2020 slo ein FN-komite fast at Noreg bryt menneskerettane ved ikkje å tilby papirlause migrantar helsehjelp på line med resten av befolkninga.

Fleire fylkespolitikarar karakteriserte det som ein historisk dag at Vestland no går sin eigen og meir humane veg for asylsøkarar.

Partifellar vil få Støre til å snu

Både Høgre og regjeringspartia Ap og Sp var med på vedtaket i Vestland. Dei er dermed heilt på kollisjonskurs med den rådande norske politikken på området.

Dei papirlause er ikkje ein del av den offentlege fellesskapen, og grunnleggande menneskerettar blir brotne kvar dag. Dette kan vi ikkje leve med.

Kine Bratli Dale, Vestland Ap

Det sa Arbeidarpartiets Kine Bratli Dale på møtet i fylkestinget.

Ho slår fast at Ap i Vestland vil prøve å få moderpartiet og statsminister Jonas Gahr Støre til å endre kurs.

– Ja, det vil vi, er den klare meldinga frå Bratli Dale.

«Døyr litt kvar dag»

Gziawi Habtemariam Habteslasie frå Eritrea er ein av dei som kan få ein betre kvardag etter vedtaket i Vestland.

56-åringen bur på Solbakken asylmottak i Florø. Som papirlaus har han i 12 år flytta rundt til ei rekkje norske asylmottak. Det er ein sliten og oppgitt mann NRK møter då han er på eit besøk i Bergen.

– Eg ønskjer å jobbe, få meg eiga leilegheit og leve eit normalt liv, men Noreg seier nei. Det er veldig tungt.

Gziawi fortel om elendig økonomi, konstant tannverk, diabetes og høgt blodtrykk. Men han får ikkje den hjelpa han treng fordi han har fått avslag på asylsøknaden.

– Det kjennest som eg døyr litt kvar dag, seier han.

Mangler tannhjelp, papirløs flyktning fra Eritrea.

TANNVERK: Gziawi Habtemariam Habteslasie frå Eritrea har slite med mykje tannverk. Fleire tenner er trekte, men han har ikkje råd til å reparere tanngarden.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Noreg kritisert av FN

I motsetning til land som til dømes Sverige, England og Nederland har ikkje Noreg eit utbygd helsetilbod til papirlause migrantar.

Hos oss er hjelpa avgrensa til «akutte tilstandar» og til ein viss grad spesialisthelsetenesta. Dette betyr i praksis at Gziawi og mange andre ikkje får den helsehjelpa dei treng.

FN har kritisert Noreg for dette.

Tal frå Utlendingsdirektoratet viser at det ved utgangen av august budde 445 personar med utreiseplikt på norske asylmottak. Men mange papirlause bur ikkje på mottak. Difor er det umogleg å vite nøyaktig kor mange i denne kategorien som bur i Noreg.

Janette Syversen (Raudt)

PÅ KOLLISJONSKURS: Terje Søviknes (Frp) og Jeanette Syversen (Raudt) er sterkt usamde om Vestland bør ha sin eigen asylpolitikk.

Foto: Bård Siem / NRk

– Hårreisande behandling

Det var Raudt som tok initiativ til vedtaket Vestland fylkesting gjorde i dag.

– Dei papirlause i Noreg har det elendig, med nesten ingen rettigheiter. Mange er svært deprimerte og sjølvmordsraten er høg, sa Jeanette Syversen (Raudt) på møtet.

No gjev vi dei papirlause eit glimt av lys. Sjølv om ein er papirlaus, er ein ikkje verdilaus.

Jeanette Syversen, Vestland Raudt

Ho håpar andre fylkeskommunar følgjer etter Vestland.

– Det handlar om menneskeverd, sa Trude Brosvik (KrF). KrF meiner Vestland no stakar ut ein ny politikk for papirlause som Noreg som nasjon bør lære av.

Fylkesdirektøren i Vestland får no marsjordre om å setje inn strakstiltak, og det skal lagast ei oversikt over alle papirlause og kva behov dei har. I samarbeid med frivillige organisasjonar kan papirlause også få tilbod om plass i vidaregåande skule.

Frp krev svar frå justisministeren

Berre Framstegspartiet og nokre andre representantar stemte mot fleirtalet.

Gruppeleiar Terje Søviknes i Frp var ikkje nådig i kritikken.

– Vestland vil drive sin eigen asylpolitikk som undergrev den nasjonale politikken, heile asylinstituttet og norsk lov. Vi er totalt på ville vegar, sa han.

Vegen til svart arbeid og kriminalitet for å livnære seg er kort for denne gruppa.

Terje Søviknes, Vestland Frp

Søviknes er svært overraska og skuffa over at regjeringspartia Ap og Sp støttar dette.

– Asylpolitikk er nasjonal politikk. Det er hinsides at vi skal køyre vår eigen politikk, sa han.

Frp løftar no saka til Stortinget. Partiet sin innvandringspolitiske talsperson, Erlend Wiborg krev svar frå justisministeren.

Meiner regjeringa det er greitt at fylkeskommunane utformar eigen politikk innan innvandrings- og flyktningfeltet? Ein politikk som er i strid med nasjonal politikk vedtatt av storting og regjering. Eg ventar i spaning på svaret frå justisministeren, seier Wiborg.

Gziawi Habtemariam Habteslasie vedsiden av Marit Bjørsvik.

HISTORISK: Marit Bjørsvik i organisasjonen Menneske i Limbo meiner det er ein merkedag at Gziawi Habtemariam Habteslasie og andre papirlause migrantar vil få hjelp av Vestland fylkeskommune.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Får støtte frå biskopen

Marit Bjørsvik i organisasjonen Menneske i Limbo er glad for at Vestland vil gje dei papirlause meir hjelp.

Dette er historisk fordi det er første gong eit fylke gjer noko slikt.

Marit Bjørsvik i «Menneske i limbo»

Ho fortel at mange papirlause lever eit umenneskeleg liv med store traume og alvorlege helseproblem.

– Dei kan ikkje ta utdanning, får ikkje jobbe og får nesten ikkje helsehjelp. Vi snakkar om ei verd vi nesten ikkje trur kan eksistere i Noreg i dag.

Bjørsvik fortel at enkelte papirlause har budd i Noreg i opp mot 20 år, og at fleire lever heilt «under jorda».

I ein e-post til NRK rosar også biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin politikarane i Vestland.

Dette er eit heilt nødvendig og svært positivt initiativ. I dag blir papirlause flyktningar behandla på ein svært uverdig måte.

Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin
Halvor Nordhaug

GLAD: Biskop Halvor Nordhaug er glad for at politikarane i Vestland vil hjelpe papirlause personar.

Foto: kirken.no

Vil gje tilgang på fastlege

Linnea Näsholm ved Helsesenteret for papirlause i Oslo kallar det eit veldig viktig skritt.

– Vi har jobba med denne gruppa i 12 år og har sett at det er helseutfordringar i gruppa. Dei har avgrensa rett på helsetenester i Noreg i dag, seier ho.

Kirkens Bymisjon og Raudekrossen driv helsesenter for papirlause migrantar i både Bergen og Oslo. Der får dei hjelp frå frivillig helsepersonale til alt frå tannhelse til svangerskapsoppfølging.

Näsholm meiner papirlause først og fremst bør få tilgang på fastlege.

– Det er meir kostnadseffektivt, og betre for pasienten. Ein treng ikkje gå lenge før helsetilstanden blir forverra og dei blir dårlegare. I dag er det vilkårleg kva helsehjelp dei får. Det er uheldig for den enkelte pasienten, for helsetenesta og for samfunnet, seier Näsholm.

Linnea Näsholm

HJELPER: Linnea Näsholm er verksemdsleiar ved Helsesenteret for papirlause i Oslo. Der kan dei få hjelp med alt frå tannhelse til svangerskap.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Feilaktig dømt i Noreg

Tilbake til papirlause Gziawi sin situasjon. Han seier han rømte frå heimlandet for vel 12 sidan fordi han var politisk aktiv i opposisjonen og ikkje ville bli kalla inn til livslang militærteneste, som er vanleg i Eritrea.

Gziawi kom til Noreg med broren sitt pass, og norske styresmakter meinte det var store avvik mellom to ulike forklaringar han gav.

Han vart etter kvart dømt til 45 dagar i fengsel for å ha kome til Noreg med falskt pass. Så slo Utlendingsdirektoratet fast at Gziawi ikkje hadde krav på vern i Noreg. I 2012 fekk han endeleg avslag frå klageorganet Utlendingsnemnda.

Men i Flyktningkonvensjonen, som Noreg pliktar å følgje, går det fram at det skal vere straffritt for flyktningar å reise inn med falske dokument dersom dei utan ugrunna opphald gjer greie for kven dei er.

I mars i fjor vart Gzawi difor frifunnen av retten, etter først å ha fått saka si opp i Gjenopptakingskommisjonen.

Mads Harlem

KRITISK: Advokat Mads Harlem meiner Gziawi Habtemariam Habteslasie har krav på opphaldsløyve i Noreg og at han blir utsett for alvorleg urett.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

Fryktar å bli drepen i Eritrea

Advokaten hans, Mads Harlem, meiner det er sannsynleg at den feilaktige dommen frå 2012 medverka til at Gziawi ikkje fekk opphaldsløyve.

Uretten som har skjedd mot han, er ikkje unik. Det kan i dag sitte mange utlendingar på norske mottak som vart utsette for justismord då dei kom til Noreg, og som difor heller ikkje vart trudde i asylforklaringa si, seier Harlem.

Noreg har ikkje tvangsreturnert eritrearar dei siste åra. Årsaka er stor usikkerheit rundt kva reaksjonar tvangsreturnerte eritrearar vil bli møtte med.

Gziawi fortel at det er uaktuelt å reise tilbake til heimlandet.

– Eritrea er eit diktatur. Eg kan bli fengsla eller i verste fall drepen, seier han.