Selskapet har ei gjeld på nærare 30 millionar kroner. Både eigarane og bankane som har finansiert anlegget, ligg an til å tape store pengar på konkursen.
Samla sal
Sjølv om restaurant- og hyttedelen av Vesterland-anlegget har vore skilt ut eit eige selskap, blir alle bygningane lagde ut for sal saman. Årsaka er at selskapet som nyleg gjekk konkurs, har inngått ein leigeavtale med det andre selskapet som mellom anna eig restaurant- og hyttedelen, og denne avtalen gjeld i 18 år framover.
- Anlegga høyrer svært godt saman, og må seljast under eitt, seier banksjef Egon Moen i Indre Sogn Sparebank, som er hovudkreditor i konkursbuet. Han trur prosjektet har eit stort potensiale som eit av landets største anlegg av sitt slag.
Store investeringar
Det byrja vanskeleg og vart berre verre på Vesterland for reiselivsgründeren Erik Flåten etter at han investerte stort for berre få år sidan. Bygginga av idrettshall, treningssenter, hotell og symjehall gav aldri dei nødvendige inntektene, og det kjem til å kosta både Flåten sjølv, Indre Sogn Sparebank og Sparebanken Sogn og Fjordane dyrt.
Lånet som vart gitt til bygginga for tre år sidan, vart sett på som så risikofylt at dei to bankane danna eit syndikat for å dela risikoen. Det resulterer i at dei to bankane no har retten til dei 15 første millionane som kan koma inn gjennom eit tvangssal.
Mange tapar
Erfarne eigedomsfolk NRK har snakka med, reknar ikkje med at ein salssum vil koma i nærleiken av 15 millionar. Det betyr at resten av kreditorane - deriblant Innovasjon Norge - kan sjå langt etter pengane sine. Heller ikkje dei to bankane kan rekna med å få inn noko meir. For totalt har dei lånt ut over 21 millionar kroner til Vesterland.
- Vi kan ikkje sjå vekk frå at vi går på eit tap, men det er ein del av spelet når ein driv med bankverksemd i distriktsnorge, seier Moen.
Verst for Flåten
Den som får svi mest er likevel Erik Flåten sjølv. Han skal ha investert opp til 40 millionar kroner. Det betyr at han har lagt ned betydelege, eigne midlar for å få fullført det siste byggesteget på Vesterland.
Flåten sjølv seier han samarbeidar med Indre Sogn Sparebank om å finna ei løysing, og vil ikkje kommentere om han vil prøve å kjøpe tilbake anlegget banken no har teke beslag i. Inntil vidare driv han sjølv anlegget vidare som vanleg - og seier det viktigaste er at Vesterland får ei stabil drift, ikkje at han eig det.
- Unik sjanse
Moen og Indre Sogn Sparebank håpar no at den rette personen vil sjå potensiale i anlegget og prøva å driva det med overskot.
- Det er svært sjeldan slike anlegg blir lagt ut for sal, og dei som er interessert i å drive med reiseliv har her ein unik sjanse, reklamerer banksjef Moen.