Hopp til innhold

Vest politidistrikt fraråder alle pride-arrangement

Vest politidistrikt fraråder å arrangera alle pride-arrangement inntil vidare. Det uttalar leiinga i politidistriktet i eit intervju med NRK tysdag ettermiddag.

– Det er svært kort tid sidan to blei drepne og mange vart skada. Då må me gjera det me kan for å hindra at det skjer igjen, seier leiar for fellesoperativ eining i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad til NRK.

– Det er ikkje med lett hjarte me fraråder det. Det er mange å tenka på, men det handlar kort og godt om risiko for liv og helse, seier han.

Dei følger dei nasjonale råda gitt av PST og Politidirektoratet.

– Det er ein trussel mot det skeive miljøet konkret og då er det viktig at me gjer dei tiltaka vi kan for å verne miljøet, seier Fløystad.

Etter skyting ved London i Oslo pride var det apeller i Bergen
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK