Hopp til innhold

Verste plommesesong på 60 år: Ni av ti plommer forsvann

LOFTHUS (NRK): Det har vore ein elendig fruktsesong i Noreg, spesielt i Hardanger. Det får store konsekvensar også for siderprodusentane.

Hardanger, fruktbønder

ELENDIG: Det blir ein sesong under normalen for fruktavlingane i år. Aller verst går det for plommene i Hardanger.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Me hadde 500 tonn med plommer i fjor. I år passerer vi 30 tonn. Det er det som er vanleg å hauste inn på to dagar, seier Liv Sollesnes ved Hardanger Fjordfrukt.

Aldri før har fruktlageret på Utne hatt så få plommer inne. Nedgangen for plommene er på heile 90 prosent, samanlikna med i fjor.

Det gir den verste sesongen for plommer på 60 år.

Men det er ikkje berre i Hardanger plommebøndene slit. På nasjonalt nivå har det berre kome inn 483 tonn plommer. I fjor var det nesten 2000 tonn.

Grøntprodusentenes samarbeidsråd skriv at dei ikkje har ført statistikk over ein så dårleg plommesesong, nokon gong.

Også dei andre fruktbøndene i Hardanger må sjå langt etter den gode fruktsesongen som var i fjor.

Fruktbonde Olav Helleland i Lofthus Hardanger

FÆRRE EPLE: Fruktbonde Olav Helleland i Lofthus.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kaldt i bløminga

Fleire eplesortar er blant dei som har ein dårleg sesong. Fruktbonde Olav Helleland summerer opp eplesesongen som «midt på treet, minus».

– Det er færre eple enn forventa, men nokre sortar går bra, seier Helleland.

Tal frå Grøntprodusentene viser at den samla fruktavlinga er gått ned med meir enn ein tredjedel i Noreg, samanlikna med i fjor.

Det er mellom anna kulda i bløminga som er årsaka til det dårlege resultatet. Allereie tidleg i sommar gjekk alarmen hjå dei som hadde plommetre.

– Det snødde nesten da det var blomstring. Biene var knapt nok ute, og det ser vi resultatet av her, sa fruktbonde Kari Lutro då ho viste fram dei tomme plommetrea sine til NRK i juli.

Fruktbonde Kari Lutro i Hardanger

TOMME TRÆR: Fruktbonde Kari Lutro frykta elendig sesong for plommene. Ho fekk rett.

Foto: Tale Hauso / NRK

Eple med makk

For epla sin del er det ikkje berre kulden som har skapt problem. Fleire er øydelagde av ein lumsk fiende som vanlegvis angrip rognebæra.

Rognebærmøllen er eit av dei mest frykta skadedyra for epla sin del, men i år har det vore lite rognebær. Difor har egga hamna på epla i staden.

På fruktlageret i Utne viser Sollesnes fram ein heil kasse med eple det er kome hol i.

– Makken går inn i epla i staden, så det gjer at me ikkje kan selje det.

Går i minus

Fruktlageret vart i år bygd ut for 40 millionar kroner.

Alt stod klart til sortering og lagring av rekordmykje frukt. Men sånn vart det ikkje, i alle fall ikkje i år.

– Vi er avhengig av mengde og derfor har vi ikkje nok inntekter. Så vi går i minus i år og eg trur det gjeld alle fruktlager i Noreg, seier Sollesnes.

Liv Sollesnes ved Hardanger Fjordfrukt.

HAR INVESTERT: Hardanger Fjordfrukt har plass til langt meir enn det som har kome inn i årets fruktsesong.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Kjedeleg sesong

Den labre frukthausten får også konsekvensar for siderbøndene i Hardanger.

Dei 21 produsentane i Siderklynga produserte 430.000 liter sider i fjor. I år hadde dei håpa å passere ein halv million liter.

No ser det ut til å bli langt mindre.

– Me ser det som realistisk å laga 330.000 liter. Det er ein kjedeleg sesong, seier leiar Kjetil Widding.

Talet siderprodusentar i Hardanger har eksplodert dei siste åra. Siderproduksjonen har vakse år etter år, og mange har investert mykje i satsinga.

– Hovudutfordringane blir då er at produsentane er såpass unge og nye at dei ikkje har fått bygd opp eit stort nok varelager, seier Widding.