Hopp til innhold

Veronica-saka: Sikta mann må sitje i varetekt fram til julaftan

Mannen i 40-åra, som har sete i varetekt sidan 27. november, må sitje i varetekt fram til julaftan med brev- og besøksforbod. Dermed fekk politiet medhald i anken sin til Gulating lagmannsrett.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

ETTERFORSKAR: Politiet etterforskar framleis dødsfallet til 22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet som eit mistenkeleg dødsfall. Stegegjerdet vart funnen i Barsnesfjorden eit par veker etter at ho vart meld sakna.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Privat / NRK

Mannen er sikta for falsk forklaring i Veronica-saka. Opphavleg ville påtalemakta ha mannen varetektsfengsla i fire veker, men Sogn tingrett gav berre ti dagar.

Politiet anka avgjerda til Gulating lagmannsrett, og dei har vurdert lengda på varetektsfengslinga på nytt, og komme fram til at mannen må sitje lenger i varetekt.

Fann eitt kilo marihuana

Mannen vart pågripen tysdag 24. november og sikta for å ha gitt politiet falsk vitneforklaring i ei sak som gjeld eit mistenkjeleg dødsfall.

I samband med pågripinga vart det funne om lag eitt kilo marihuana i form av toppskot heime hjå den sikta.

Siktinga mot mannen vart utvida til å omfatte oppbevaring av narkotika i tillegg til overdraging av dette.

Forklarte seg om narkotika

Politiet heldt i anken sin oppe kravet om fengsling i fire veker, og peika på at det ikkje var tilstrekkeleg med fengsling fram til 7. desember. Dei peika på at mistankevilkåret er oppfylt i forhold til alle postane mannen er sikta for.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

OMKOMMEN: Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) vart funnen omkomen i Barsnesfjorden etter å ha vore sakna i fleire veker.

Foto: Privat

Mannen skal ikkje tidlegare ha forklart seg om overdragelse av narkotika, men i tingretten skal mannen i 40-åra har forklart seg om ein overdragelse natt til laurdag 25. oktober, og dessutan om at ein annan person ved eitt høve fekk røyke av partiet.

I anken peikar politiet på at dei er i ei innleiande etterforskingsfase for å avklare mannens straffeansvar nærare, og få oversikt over eventuelle andre personars straffeansvar, kjøp, sal og spreiing av stoffet i den perioden siktinga gjeld.

Mannens rolle i rusmiljøet er uavklara, utover at han tydeleg har kontaktar i dette miljøet i Sogn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Årøy
Foto: Geir Bjarte Hjetland

Har forklart seg urett

Mannen har forklart seg urett til politiet om hans og Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) sine rørsler. Det han har forklart, stemmer ikkje overeins med dei trafikkdata som politiet har innhenta.

Mannen har vore avhøyrt to gonger som vitne og to gonger som sikta, og har heile tida halde fast på sine forklaringar om eigne og Stegegjerdet sine rørsler i tidsrommet 24. – 25. oktober.

Mannen skal ha vore kjærasten til Stegegjerdet. I anken til lagmannsretten, vert det peika på at mannen, i tillegg til å vere dyslektikar og ha slite med ADHD-problematikk, skal ha vore svært fortvila og utmatta psykisk då vitneforklaringane vart gitt så kort tid etter at kjærasten hans var forsvunnen.

Reell fare for øydelegging av bevis

Lagmannsretten påpeikar i kjennelsen at den sikta ikkje er sikta for å ha med Stegegjerdet si forsvinning eller død å gjere.

Retten kan vanskeleg sjå at det er fare for bevisforspillelse knytt til at mannen har forklart seg urett til politiet, og syner til at forklaringane er nedteikna skriftleg.

Lagmannsretten finn likevel grunnlag for å gje påtalemakta medhald i anken, då retten meiner det er reell fare for at mannen kan og vil øydeleggje bevis når det gjeld narkotikaforbrytelsen.

Retten peikar på at narkotikabeslaget på ein kilo marihuana er så stort at det i seg sjølv med overvekt av sannsynlegheit indikerar omsetnad til andre, og ikkje bruk for seg sjølv.

Hugsa ikkje

Trygve Staff representerer den sikta mannen i 40-åra.

– Men vi merkar oss at det ikkje er den urette forklaringa som dannar grunnlag for fengsling. Der er lagmannsretten usamd med tingretten, seier Staff.

Han peikar på at det er narkotikalovbrota som er grunnlag for den vidare varetektsfengslinga.

– Men kvifor har han forklart seg urett?

– Det er sterkt sannsynleg at han har komme i skade for å gi nokre opplysningar som ikkje har vore korrekte, rett og slett fordi han, då han forklarte dette, ikkje hugsa eller kunne ta att kva som hadde skjedd når, seier Staff.

(Artikkelen held fram under biletet)

Årøy

TIDLEGARE STRAFFEDØMT: Mannen i 40-åra, som er sikta for falsk forklaring, er tidlegare straffedømt.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Har medisinske forhold

Han peikar på at det først var då mannen fekk sjå eigne teledata, at han kunne komme med rette opplysningar.

– Han har også medisinske forhold som gjer at hugsen og framstillingsevna kanskje ikkje er heilt som hjå alle andre, seier Staff.

– Så din klient har ikkje forklart seg medvite uriktig?

– Heilt korrekt. Han har komme i skade for å seie noko som, då han sa det, var bygd på noko han trudde var rett, seier Staff.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu