Hopp til innhold

Seier opp 100 tilsette: – Den norske verftsnæringa slit tungt

Skipsverftet Havyard i Hyllestad nedbemannar, og i løpet av det komande året vil om lag hundre tilsette miste jobben. – Vi veit at dette er vanskeleg for dei som blir råka, seier dagleg leiar.

Havyard Verft, Hyllestad i Sogn
Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det vart i dag heldt allmøte for dei tilsette ved verftet i Leirvik der dei fekk beskjed om endringane ved verftet, heiter det i ei pressemelding.

Verftet har slite økonomisk, og har også vore hardt råka av koronasmitte frå utanlandske arbeidarar. 101 tilsette testa positivt på covid-19, og Hyllestad hadde hundre gongar raudt smittenivå.

Saknar økonomisk støtte

Skipsverftet har seks fartøy under bygging, fleire av dei bilferjer. Når desse er levert til kunde i løpet av 2021 vil ein gå over til å bli eit reint reparasjonsverft.

Staben vil då bli redusert og talet på tilsette skal ned med hundre. I dag har verftet over 400 arbeidarar, mange av dei er utanlandske gjestearbeidarar.

Konsernsjef i Havyard Group, Gunnar Larsen, seier det har vore ei vanskeleg avgjerd fordi dei veit kor viktig verftet er for dei tilsette og for regionen.

– Men strategien om å bli eit service- og reparasjonsverft er tvingande nødvendig for å bevare flest mogleg arbeidsplassar, seier han.

Larsen peikar i tillegg på store økonomiske og praktiske konsekvensar av koronapandemien som ei utfordring for verftet, og seier det er behov for støtte frå myndigheitene.

– Nødvendige grep

Dagleg leiar, Erlend Hatleberg, seier dei store grepa no er nødvendige å gjennomføre for å sikre at verftet blir verande konkurransedyktige.

– Vi veit at dette er vanskeleg for de som blir råka, men vi gjør dette for å berge flest mogeleg arbeidsplassar. Vi er i tett dialog med de tillitsvalde og vil legge til rette for å gjere den vanskelege prosessen så god som mogeleg, seier han, og held fram:

– Vi er også i dialog med Hyllestad kommune og Nav, for å sikre at de som mister arbeidet blir tatt vare på og får hjelp, seier han.

Erlend Hatleberg hos Havyard i Leirvik.

LEIAR: Erlend Hatleberg er dagleg leiar i Havyard.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Fryktar fråflytting

I november 209 var verftet i store økonomiske vanskar. Då var lokalsamfunnet uroa for at dei skulle miste hjørnesteinsbedrifta.

– Havyard er ei nøkkelverksemd med nær 200 fast tilsette, og siste tida har det vore opp mot 700 i verksemda. Skulle det skje noko no, så slår det negativt ut på kommunen og næringslivet elles, sa ordførar Kjell Eide (Ap) til NRK den gongen.

Kjell Eide, ordførar i Hyllestad (Ap)

ORDFØRAR: Kjell Eide (Ap) er ordførar i kommunen.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Morten Langeland er tilsett og tidlegare tillitsvald. Han seier at det er dei ferskaste som må gå.

– Vi vil gjerne behalde alle, men når vi ser på kven som får bli med vidare legg vi ansiennitet til grunn, seier han.

Langeland er redd for kva dette vil bety for Hyllestad.

– Det er mange som vil merke dette. Ein mann her genererer fleire jobbar andre stadar. Dette kan påverke kor mange som blir fastbuande i kommunen, seier han.

Ein utfordrande marknad

Larsen forklarar at ein tøff marknad ligg bak avgjerda. Ifølgje han opplever verftsnæringa at marknaden for nybygg og moglegheiter for byggfinansiering vil vere utfordrande i tida som kjem.

– Havyard må derfor omstille til reparasjon, service og vedlikehald. Fasilitetane på anlegget, kompetansen og plasseringa til verftet gjer at vi har gode føresetnader for å vere ein solid leverandør til kundar også i denne marknaden.

Gunnar Larsen, Havyard

KONSERNSJEF: Gunnar Larsen er konsernsjef i Havyard Group.

Foto: Pressefoto

Larsen seier verftsnæringa i Noreg slit tungt, og etterlyser fleire tiltak som legg til rette for skipsbygging i Noreg.

– Dei varsla tiltaka er ikkje gode nok til å ta vare på norske arbeidsplassar i næringa. Fleire tiltak med raskare verknad når det gjeld omlegging til miljøvenleg skipsfart vil vere til hjelp, seier han.