Hopp til innhold

Vêret snur – meteorologar åtvarar mot fjellturar

Meteorologar åtvarar folk mot å gå på høge fjelltoppar fordi det er meldt lyn og torevêr etter den enorme hetebølgja.

Lyn og torevêr over Førde

ÅTVARING: – Ein bør ikkje opphalde seg på toppen av eit fjell i morgon, meiner meteorolog Lars Andreas Selberg.

Foto: Jon Kalstad

Fleire fylke har sett ny varmerekord i løpet av dei siste dagane og hetebølgja nådde store delar av landet førre helg.

No snur vêret og det vil derfor bli fare for lyn og torevêr.

– I morgon er det venta ein kald front frå aust. I kombinasjon med den varme lufta som ligg over Vestlandet, kan det bli småskummelt, meiner meteorolog Lars Andreas Selberg ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Han fortel at det vil komme kraftige regnbyger og i tillegg vere utrygt for torevêr.

Gult farevarsel

REGN: Kraftige regnbyger vil treffe store delar av Vestlandet i morgon.

Foto: Meteorologisk institutt

Laurdag døydde ei norsk kvinne etter at ho blei treft av lyn under eit fjelløp i Italia.

– Det kan vere lurt å ikkje opphalde seg på toppen av eit fjell eller i nærleiken av eit tre, seier meteorologen til NRK.

– Hald deg inne

Monica Hägglund Langen i Den Norske Turistforening (DNT) meiner det er tryggast å halde seg innandørs når toreveret slår til.

– Torevêr går som regel fort over. Det er mykje betre å utsette ein tur, enn å gå turen for einkvar pris, meiner Langen.

Ho kjem med gode råd til kva ein bør gjere dersom ein først har lagt ut på fjelltur.

Monica Hägglund Langen

VENT MED FJELLTUREN: Monica Hägglund Langen i Den Norske Turistforening (DNT) meiner fjellfolk bør utsette turen dersom det er fare for torevêr.

Foto: Den Norske Turistforening

– Om torevêret kjem brått på, bør du unngå dei høgaste punkta i terrenget og store, opne sletter. Ikkje sett deg under høge tre og finn eit område der du kan vente til det går over.

Ho oppfordrar alle til å sjekke vêrmeldinga før dei legg ut på langtur.

– Er det mange som trassar vêrmeldingar og råd frå meteorologar?

– Vi opplever at folk stort sett tek fornuftige val. Turopplevinga blir finare når ein føler seg trygg, fastslår ho.