I staden sprang dei riksvegen frå Turtagrø til Sognefjellshytta, og det var fornuftig, seier Joar Tistel. Deltakarane sykla frå Skjolden til Turtagrø, deretter sprang dei langs riksveg 55 til Sognefjellshytta, 1434 meter over havet. Det vart noko heilt anna enn å ta seg opp langs sti til Fanaråken, 2048 meter over havet, men hardt nok likevel.
Første etappe på sykkel Skjolden - Turtagrø. Arkivfoto Steinar Lote NRK
Tvedt sterkast igjen
Joar Tistel brukte to timar to minutt og 57 sekund opp til Sognefjellshytta, det var seks og eit halvt minutt bak vinnaren, Jon Tvedt. Tvedt vart norsk meister i motbakkeløp i Skåla opp i Loen for to veker sidan. Framfor seg hadde Joar Tistel og Svein Inge Buhaug, tidlegare Jotun.
Sterkt av Norunn Stavø
I kvinneklassa var Anita Håkenstad Evertsen frå Slidre suveren vinnar. Best her frå fylket var Norunn Stavø frå Florø som vann klasse 45 til 49 år.
Løp langs riksvegen
Det vart også arrangert eit reint løp frå Turtagrø til Sognefjellshytta. Der hadde Harald Slettevoll frå Fjellhug/Vereide tredje beste tid. Han vart nummer to i klasse 23 til 34 år, seks minutt bak vinnaren Øystein Sylta.