Hopp til innhold

Lokkar med verdsstjerne til fjellsportfestival - og trur på enorme mengder med pudder

Om ein månad er det igjen klart for storinnrykk av skientusistar i Sogndal. Ei verdsstjerne, konkurransar og guida skiturar lokkar mange til bygda.

Aurelien Ducroz

TEST DEG MOT EIN VERDSMEISTER: Den franske frikøyringsverdsmeisteren Aurelien Ducroz er ei av trekkplastera under festivalen som går av stabelen i slutten av februar. Du kan måle krefter mot han i ein av konkurransane.

Foto: Pressefoto

Magnus Aasheim

LOVAR MYKJE GØY: Festivalsjef Magnus Aasheim gler seg til storinnrykk av skiglade folk.

Foto: Håvard Nesbø

Festivalsjef Magnus Aasheim lovar mykje moro dei dagane festivalen varer.

– Dette blir dagar med ski, snø, fest og moro, seier han.

Den franske verdsmeisteren i frikøyring, Aurelien Ducroz, er eitt av trekkplastera under festivalen som går av stabelen i slutten av februar. Han skal mellom anna delta frikøyringskonkurransen i Sogndal.

– Denne konkurranse er ein del av Norgescupen og samstundes får ein poeng i Freeride World Qualifier, seier han.

Populære kurs er snart fulle

Det er duka for mange slags konkurransar i løpet av fjellsportfestivalen - som kinesisk utfor, klatrekonkurranse og utforkøyring med sykkel. Dei har allereie hatt stor pågang av folk som vil vere med på festivalen.

Enkelte kurs innan føring/guida turar, har vore så populære at dei har sett opp ekstra kurs.

– Vi har hatt stor pågang raskare enn vanleg. Det er nokre kurs som er veldig ettertrakta, så vi måtte utvide, fortel han.

Trur på store mengder nysnø

Mange har kanskje sakna snøen i vinter. Sjølv om det akkurat no er nok i Sogndal der mange av arrangementa skal vere, seier Asheim at det ikkje er typiske Sogndalsforhold.

– Men vi er veldig optimistiske og veit vi får enorme mengder snø. For vêret snur, det er eg heilt sikker på, ler han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skikøyrarane er Steinar Nes, Ivar Løvik, Marta Lidström og Øystein Uglum Henjum var ute og testa tilhøva i Sogndalsdalen før Fjellsportfesftivalen som startar 21. februar. Fotograf er Håvard Nesbø

TILBAKEBLIKK: Her kan du sjå litt frå Fjellsportfestivalen 2013.

Lokkar med kjente namn

I løpet av dei fire dagane festivalen varer, reknar han med 1500 besøkjande. Festivalsjefen seier arrangementet ikkje berre er for topptrente topptur-entusiastar.

– Vi har kurs for alle nivå. Enkelte turar er merka med at dei er krevjande, men på mange treng du berre normal fysisk form. Der blir nivået tilpassa dei som er med.

Av store namn som kjem til Sogndal, nemnar han Aleksander Gamme som er kjent frå ekspedisjonar og fotograf Vegard Breim. Aasheim trekkjer også fram Per Ola Seim og Camilla Underland som er kjente i skred- og redningsmiljøet.

Staben som står for fjellsportfestivalen er godt i rute. Nesten heile programmet er ferdig og 150 frivillige er klare til innsats.

– Vi er i full gang med planlegging av arena. Dette blir ein festival med mykje god stemning. Vi får mange tilreisande og festivalen blir meir og meir kjent, både i inn- og utland, seier han.

Speedriding under Fjellsportfestivalen i Sogndal.

SPEEDRIDING: Sjå video frå festivalen i fjor,