Verdsgymnaset (UWC) i Flekke kan sjølv hindre at avgangsstudentane forsvinn ut av landet. Det var bodskapen statssekretær i Utdanningsdepartementet Helge Ole Bergesen kom med då han vitja skulen i går. Få av elevane vel i dag å søkje på norske universitet, mellom anna fordi dei må tilbake til heimlandet før dei kan søkje om studieplass her i landet.
Bergesen seier det er mogeleg for skulen å få fritak frå regelen.
Vil søkje fritak
Utviklingsdirektør ved UWC, Magne Bjergene, seier dei no vil søkje om slikt fritak. Han seier at møtet med statssekretæren gav håp om at dei hindringane som ligg i vegen for dei utanlandske studentane vert fjerna.
Statssekretæren stadfestar at han ser det som viktig å halde desse studentane i landet etter at dei er ferdige med den vidaregåande utdanninga ved verdsgymnaset i Fjaler.