Hopp til innhold

Verdsarvgartnaren flytta heim for å stelle bygda

NÆRØYFJORDEN: (NRK): Dyrdal inst i Sognefjorden fekk verdsarvstatus av UNESCO, men bygdefolket hadde flytta. Etter fleire tiår vekke frå heimbygda, gjorde Arild Dyrdal noko med det.

Då Nærøyfjorden hamna på UNESCO si verdsarvliste såg Arild Dyrdal på det som eit kall. Difor flytta han tilbake til farsgarden for å bruka det han hadde att av arbeidskapasitet til å vera verdsarvgartnar.

FLYTTA HEIM: Arild Dyrdal flytta heim til Dyrdal i Nærøyfjorden, eter å ha budd andre stader i lange tider.

– Eg kom tilbake til Dyrdal for å ta vare på bygda, på husa og ikkje minst på området rundt her. Eg kallar meg ein verdsarvgartnar, seier Dyrdal.

Ei lita øks frå steinalderen tyder på at det har budd folk i den vesle grenda i mange tusen år. Men no er pensjonisten Arild Dyrdal den einaste som framleis bur i denne delen av Nærøyfjorden.

– Eg tykkjer det er uproblematisk. Eg får ikkje noko «kick» av å bu åleine, men eg får ikkje noko særleg tomheitskjensle, heller.

I årets siste episode av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» får vi treffe han heime på garden hans i Dyrdal. Einebuaren lever eit enkelt liv, medan stadig større mengder med cruiseskip kjem inn fjorden for å sjå på kulturlandskapet slike som han held i hevd.

Arild Dyrdal

LIKAR SEG ÅLEINE: Arild Dyrdal tykkjer det går heilt fint å bu åleine.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det er eigentleg kontrasten med å bu her. Det å vere åleine, og så plutseleg bli mange. Og så åleine igjen, seier Dyrdal.

Han er fødd og oppvaksen på det vesle småbruket, men har budd det meste av livet sitt andre stader. I 2005 kjende han seg lokka til å flytte heim att.

Det er gjort så mykje arbeid her i generasjonar, for at folk skulle kunne livnære seg av desse grøne flekkane her langs fjorden. For meg er det viktig at dette blir teke vare på.

Heile episoden ser du øvst i denne artikkelen. Resten av årets sesong, og tidlegare sesongar kan du sjå her.

Arild Dyrdal

ENKELT LIV: Arild Dyrdal trivst godt på garden sin i Nærøyfjorden.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det er ikkje tilfeldig at det er akkurat episoden frå Nærøyfjorden som vart årets siste for det folkekjære fjernsynsprogrammet. Programleiar Arve Uglum og fotograf Torje Bjellaas er fornøgd med episoden, og håpar sendetida i romjula kan gje gode sjåartal.

Arve Uglum ny programleiar for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

NØGD: Programleiar Arve Uglum er godt fornøgd med årets siste episode av Der ingen skule tru at nokon kunne bu.

Foto: Christian Blom

– Slik eg kjenner 1. juledag som TV-dag, trur eg «Der ingen skulle tru » passar bra inn, seier Uglum.