Hopp til innhold

Her merker dei makrellstørje for første gang i Noreg

HELLESØY (NRK): Etter seks tøffe og lange dagar på sjøen skreiv havforskarar historie utanfor vestlandskysten.

HISTORISK: Etter mange og lange dagar på sjøen vart det napp torsdag kveld. Her merkar havforskarane makrellstørja med ein elektronisk satellittsendar. VIDEO: Havforskningsinstituttet

Torsdag ettermiddag vart det skapt forskarhistorie utanfor kysten av Øygarden i Hordaland.

I snart ei veke har sportsfiskarar og havforskarar jobba med eit heilt unikt fiske i Noreg. Havforskingsinstituttet har fått løyve til å merke tjue makrellstørjer, for å få meir info om korleis verdas største tunfisk bevegar seg i havet.

Men makrellstørja er svært vrien å få på kroken. Etter seks dagar på sjøen vart det altså napp torsdag kveld.

Klokka 18.28 melde det eine fiskelaget ifrå om at dei hadde størje på. Klokka 20.35 vart fisken merka av havforskarane.

– Fisken var 2,40 meter lang. Denne dagen er historisk, rapporterer forskar Keno Ferter i Havforskingsinstituttet.

KREVJANDE: Det ble mange timar i båt på jakt etter fisken.

Godt samarbeid

Makrellstørja blir av fleire omtalt som havets formel 1-fisk. Den er mellom dei største og raskaste av alle beinfiskar og kan bli over tre meter lang. Det er tatt makrellstørjer med ei vekt på nær 700 kg.

Det er totalt 15 fiskelag som har fått lov til å vera med på prosjektet i Noreg. Dei er valde ut etter viktige kriterium frå Havforskingsinstituttet.

Når nokon får napp, er det berre forskarane som har lov til å merke fisken med den elektroniske satellittsendaren.

Forskar Keno Ferter hjå Havforskingsinstituttet kallar samarbeidet for ein vinn-vinn-situasjon.

– Dei får veldig spennande dagar med fisking, og vi får masse viktig informasjon tilbake. Det er fantastisk at private brukar fritida si på å hjelpe oss, seier Ferter til NRK.

M/S "Bluefin" lossar makrellstørje i Florø.

SVÆR SAK: Makrellstørje kan bli over tre meter lang og ha ei vekt på fleire hundre kilo. Denne vart tatt utanfor Fedje i Hordaland i fjor.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Skal følge fisken

Dei elektroniske merka kostar kring 40.000 kroner stykket, men dei er sponsa av ICCAT (International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas).

Målet er å finne ut meir om kvar makrellstørja beitar. Akkurat no er den på sommarbeite i Noreg, etter mange år vekke grunna overfiske.

– Vi ønskjer meir kunnskap om økologien til størja og korleis den oppfører seg. Vi veit lite om korleis den vandrar.

Når nokon i fiskelaget får napp, kallar dei straks på forskarane i «merkebåten». Dei ilar til og set merket på fisket, under den bakre ryggfinnen. Makrellstørja blir aldri tatt om bord, sidan merkinga skjer på sida av båten.

– Alt må gå kjapt, til det beste for fisken. Merket er programmert til å gi slepp etter eit år. Då flyt sendaren opp til overflata og sender all informasjonen frå fisken til oss via satellitt, forklarar Ferter.

Fisketeamet som fanga og merka makrellstørje i Norge

TEAMET: Havforskarane og fiskelaget som fanga og merka den første makrellstørjen. Til venstre havforskar Keno Ferter og merkeekspert Sean Tracey frå Australia.

Foto: Jan Hinriksson / Havforskningsinstituttet

Koordinert aksjon

Om lag 70 sportsfiskarar er med på prosjektet. For dei er dette ein draum som går i oppfylling. Å fiske etter størje med stong er ikkje lov i Noreg, men no skjer det i havforskingas teneste.

– Dette er jo ei historisk hending og kanskje den største i norsk sportsfiske dei siste 40-åra. Vi har gleda oss lenge til denne fantastiske sjansen, seier Asgeir Alvestad som har tatt turen til Vestlandet frå Sørlandet.

Merkeekspert Sean Tracey presiserer at fisken merkar svært lite til det elektroniske merket den får festa på seg. Australiaren er imponert over dugnadsarbeidet som blir lagt ned for å læra meir om den lynkjappe tunfisken.

– Vi har liknande samarbeid i Australia. Flinke sportsfiskarar er med og hjelper oss til å få meir forståing av denne fascinerande skapningen.

Keno Ferter og Sean Tracey i Havforskningsinstituttet sin merkebåt under makrellstørjemerkinga

PÅ JAKT: Keno Ferter og Sean Tracey i merkebåten. Dei koordinerer dei ulike fiskelaga og sender informasjon om størjeobservasjonar til alle.

Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet