Fire par var dei fyrste til å gifta seg på Trolltunga: – Eit eventyr

Ordføraren har hatt ideen om å via nokon på Trolltunga i årevis. Laurdag fekk fire par vere dei fyrste til å gifta seg der.

Fire brurepar på Trolltunga

SPEKTAKULÆRT BRYLLAUP: Dei fire para er dei fyrste i verda til å gifta seg på Trolltunga.

Foto: Lidvard Sandven

– Fantastisk, for eit eventyr, seier Njål-Stian Børdal like etter å ha gitt Lise Lunde Sydnes sitt ja, laurdag.

Den spektakulære ektevigselen vart gjort på Trolltunga. Også tre andre par vart smidd i hymens lenkjer der laurdag. Dei fire vart dimed dei fyrste para som gifta seg der.

Paret skulle gifta seg i år, men bryllaupet har vorte utsett på grunn av korona.

– Så sat me på ferie i Kragerø, bilen gjekk ikkje, og alt var litt trist. Så såg me at me kunne gifta oss på Trolltunga, seier Børdal.

– Då tenkte me at det var dette me ville, seier Sydnes.

Bryllyp på Trolltunga

VERD TUREN: Sjølv om det var langt å gå, er brurepara einige om at det var ein fantastisk tur.

Foto: Lidvard Sandven

– Fantastisk tur

Både romantikken og nasjonalromantikken blomstra då para gifta seg. Både hardangerbunadar og hardingfeler hadde kome seg opp på Trolltunga.

Sydnes og Børdal måtte gå opp sjølv, men rett nok ikkje i dress og brurekjole. Det vart frakta med helikopter.

– Det var ein fantastisk tur, seier Sydnes.

Fire par gifter seg på Trolltunga

SPREK GJENG: Deltakarane gjekk opp sjølve, medan brurekleda fekk reise med helikopter.

Foto: Lidvard Sandven

Frå den øvste parkeringsplassen er turen 20 kilometer lang tur retur, og ut.no reknar at turen tar mellom sju og ti timar. Brudeparet frykta likevel ikkje turen ned.

– Det skal gå greitt, så lenge me får på oss varme klede. Det er ganske kaldt, sa Sydnes medan ho framleis hadde på seg brurekjolen.

Har du krefter nok til å bæra ho over dørstokken når de kjem heim?

– Me får ta godt i og sjå kva me får til, seier Børdal.

Hardingfele på Trolltunga

SØT MUSIKK: Hardingfele og brureromantikk sørga for søt musikk på toppen av Trolltunga denne laurdagen.

Foto: Lidvard Sandven

Fekk ideen i 2017

Også Njål-Stian sin bestefar, 79 år gamle Nils Børdal, fekk oververa viinga. På førehand hadde han fått fleire åtvaringar om at han ikkje burde gå.

– Det er alt for langt å gå. Rett frå sofaen utan trening, er det ikkje berre, kunne han blidt fortelja på toppen.

79-åringen var nøgd med å ha kome seg opp, og etter ein pause på toppen kunne han konstatera at det nok kom til å bra ned att og.

Ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug, var blant dei som tok helikopter opp til Trolltunga. Aga Haug fekk ideen om at ein kunne gjera det på Trolltunga i 2017.

Ordførar Roald Aga Haug

KRY ORDFØRAR: Sidan 1. januar 2018 har ordførarar kunna vigsla folk. Her er ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug, klar for å vigsle på toppen av Trolltunga.

Foto: Lidvard Sandven

– Eg synest det gjekk fantastisk bra, seier han like etter dei fire fyrste vigslane vart gjennomførte.

Vil gjera det om att

Ordføraren er sikker på at dette også er noko folk vil gjera neste år.

– Garantert. No har me gjort det i litt vekslande vêr i dag, kvifor ikkje prøva i steikande sol til neste år? spør han retorisk.

Stiller du til neste år også?

Eg må jo det. Men me har seks vigslarar i kommunen. Eg kan ikkje gå til Trolltunga kvar einaste helg, så me får fordela det litt, seier Aga Haug.

Brurepar på Trolltunga

FEKK SITT JA: Fire par sa ja til kvarandre på toppen av Trolltunga.

Foto: Lidvard Sandven