Hopp til innhold

Verdas beste ost er norsk: – Heilt sjukt!

BERGEN (NRK): Etter å ha smakt seg gjennom over 3400 ostar, var dommarane einige. Verdas beste ost er frå Fana i Bergen.

Fanaost vann VM på heimebane

GULL: Fanaost frå Ostegården i Bergen vann VM i ost på heimebane.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Verdsmeisteren blei kåra i Grieghallen i Bergen fredag kveld.

World Cheese Awards er ein av verdas mest anerkjende ostekonkurransar, med deltakarar frå 41 land. Heile 3472 forskjellige ostar har kjempa om VM-tittelen.

Vinnaren blei «Fanaost» som blir laga på Ostegården i Bergen.

Bonde og dagleg leiar Jørn Hafslund ved Ostegården var lettare sjokkert over å gå av med sigeren.

– Det er heilt sjukt! Dette hadde eg ikkje venta.

På delt andreplass kom også ein norsk ost. Ekte brun geitost frå Stordalen Gardsbruk i Tinn deler sølvet med ein fransk ost.

Vinnaren av Oste-VM 2018, Ostegården i Fana.

VERDSMEISTER: Ostegården og Jørn Hafslund gjekk heilt til topps i Oste-VM.

Foto: Mette Anthun / NRK

Overraska vinnar

Vinnaren Fanaost er ifølgje produsenten sjølv ein mild, rund og halvfast ost laga på pasteurisert kumjølk, som kan minne om Gouda.

– Eg har laga ein ost fordi eg synest Fana-bygda er så fin at den fortente sin eigen ost, seier Hafslund.

Kva ostar som gjekk vidare var hemmeleg undervegs. Men Hafslund fekk eit hint om at det kunne gå vegen då han såg osten ligge på semifinalebordet.

– Det er heilt vanvettig, spør du meg, sa han medan han granska dommarane som prøvesmakte osten.

 Oste-VM i Bergen

Sjå fleire bilde frå Oste-VM i Grieghallen.

Foto: Marit Stensby / NRK
Det blei dobbelt norsk då Oste-VM blei arrangert i Grieghallen.

Dette er ikkje fyrste gong at Fanaosten vinn meisterskap. Osten vann NM i både 2016 og 2017. Og i fjor fekk den med seg ei bronse frå VM i klassa for halvfaste lagra ostar.

Hafslund meiner sjølv han veit kva løyndomen bak suksessen til Ostegården og andre norske osteprodusentar er.

– Vi har den beste mjølka i verda. Vi har fantastiske råvarer og samarbeider med fantastiske ysteri i heile Noreg.

Jørn Hafslund fra Ostegården i Bergen i Oste-VM

SPENT: Undervegs i konkurransen visste Jørn Hafslund lite om kor godt dommarane likte osten hans.

Foto: KJELL JORAN HANSEN / NRK

Lyttar på osten

Heile 235 dommarar, 50 av dei norske, har smakt seg fram til dei beste ostane.

Siri Helen Hansen-Barry, osteansvarleg hos Meny, er ein av to norske dommarar som har vore med på å kåre den beste osten.

– Fyrst ser vi på fargen og konsistensen, og så luktar vi på osten. Nokon meiner til og med at vi skal lytte på osten for å høyre kva slags lyd den lagar, smiler ho.

Saman med tre andre dommarar Hansen-Barry smaka på rundt 20 ostar, og avgjort kven som gjekk vidare til finalebordet.

Oste-VM i Bergen

LUKT, SMAK: Siri Helen Hansen-Barry (midten) er ein av dommarane som har smaka seg fram til vinnaren.

Foto: Marit Stensby / NRK

Sterke norske ostar

Næringsorganisasjonen Hanen er lokal arrangør under VM i Bergen. Aldri før har så mange ostar konkurrert om VM-tittelen. Likevel spådde dagleg leiar Bent Bucher Johannessen på førehand at dei norske ostane kunne nå langt.

– Med den kvaliteten dei flotte norske ostane viser, trur eg dei har ein fair sjanse, sa han før konkurransen starta.

Under VM i 2016 blei verdas ostegigantar slått av ei familiebedrift frå Tingvoll i Møre og Romsdal. Då stakk blåmuggosten «Kraftkar» av med VM-tittelen.

Dommar smakar på ost under oste-VM i Bergen

SMAKSPRØVE: Over 200 dommarar har smakt seg gjennom ostane i konkurransen.

Foto: Marit Stensby / NRK