Hopp til innhold

Både hjarte- og kreftpasientar kan vere råka i venteliste-skandale

Eit stort tal pasientar skal kallast inn, etter at det er oppdaga ein stor svikt i pasientvurderinga ved Nordfjord sjukehus. Både hjarte- og kreftpasientar kan vere blant dei som er råka av skandalen.

Nordfjord Sjukehus

FEILVURDERINGAR: Helse Førde ser svært alvorleg på at ei lang rekke pasientar kan ha fått feilvurdert status.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Helse Førde gjekk torsdag kveld ut med at fleire hundre pasientar med krav om rask helsehjelp har vorte sett på uprioriterte ventelister. Desse pasientane skulle ha vore til utgreiing og eventuell behandling ved Nordfjord sjukehus på Eid.

Hjartepasientar råka

Saka er i dag meld inn til Helsetilsynet. Det skal vere snakk om alt frå hjartepasientar, moglege kreftpasientar til pasientar med andre medisinske symptom, som fastlegane rundt i fylket har vurdert slik at dei bør undersøkjast nærare på sjukehus.

– Dette kan til dømes vere hjertepasientar som har slite med vondt i brystet, og som har unødvendige plager. Det jo også vere at ein ikkje har kome til tidsnok, slik at ein har fått komplikasjonar av ein hjartesjukdom, eller til dømes ein sjukdom i bukregionen. Mage- tarmsystemet til dømes. Det er mange ulike utgreiingar og sjukdomar på ei slik venteliste, seier avdelingssjef Trine Vingsnes ved medisinsk avdeling i Helse Førde.

– Vi har jo ingen haldepunkt for at det at liv kan ha gått tapt, det kan vi ikkje spekulere på, seier ho til NRK.

Vel 200 pasientar

Det er eit stort tal pasientar som no vil bli kalla inn til ny vurdering.

– Det som er faktum da er at det er vel 200 på den lista som skal sjekkast no. Det er eit omfattande arbeid å gå gjennom. Stikkprøver syner feil blant dei vi har sjekka. Vi har teke nokre titals stikkprøver. Vi skal ha ein nøye gjennomlesing, eg har ikkje tenkt å gå ut med prosentvis kor mange feil vi har, seier Vingsnes til NRK torsdag kveld.

Ho legg ikkje skjul å at dette er ein svært alvorleg situasjon. Ho ber likevel pasientar som mistenker at dei kan vere råka av dette, avvente brev frå sjukehuset.

– Alle pasientar som då lurer på om dei kan ha vore utsett for ei feilvurdering av si tilvising inn til Helse Førde og til vår poliklinikk på Eid, vil få brev rett i si postkasse og fastlegen vil også bli kontakta, seier Vingsnes.

Fryktar det verste

Avdelingssjefen fryktar at det er pasientar på desse listene som skulle ha vore til behandling, utan at ho førebels kan seie noko om dette kan ha ført til fare for liv eller helse.

– Vi fryktar dessverre at vi skal finne nokon som vi skulle hatt inne både førre veke og veka før, og kanskje til og med før sommarferien. Då vert det sjølvsagt førsteprioritet for heile medisinsk avdeling å få desse pasientane inn. Vi er innstilt på at desse pasientane skal bli kalla inn til vurdering og eventuell behandling så fort som råd er, og det med ekstra innsats, seier Vingsnes.

Dei som no blir kalla inn til ny vurdering, kan bli kalla inn både til Førde, Lærdal, Eid eller Florø.

– Vi vil nytte alle våre medisinske poliklinikkar i dette arbeidet, seier avdelingssjefen.

Ikkje fått rett vurdering

I ei pressemelding fortel Helse Førde at ein gjennomgang av poliklinikklistene ved medisinsk avdeling på Nordfjord sjukehus avdekka 25. august at svært få av pasientane har blitt vurderte som rettigheitspasientar.

– Vi oppdaga at brorparten av dei tilviste pasientane ikkje hadde blitt vurderte med prioritet. Difor tok vi nokre stikkprøvar. Omfanget er så stort at det krev ein ekstra innsats for å få rydda opp i det. Vi må gå gjennom tilvisingane på nytt og også gjere nye vurderingar, seier avd. sjef Trine Vingsnes og seksjonsleiar ved Nordfjord Sjukehus, Jon Sverre Arnestad.

Vil bli kontakta snarast

Dei aktuelle pasientane vil no bli kontakta så snart som overhovudet råd er.

– Vi er i gang med å revurdere alle nytilvisingar på ventelista til NSH. Pasientar og fastlegar vil få brev om dette. Vi tek i bruk alle indremedisinske poliklinikkar i Helse Førde for å greie ut og behandle desse pasientane så raskt som mogeleg. I den situasjonen som har oppstått er vi svært opptekne av at pasientane skal bli tekne i vare, seier Trine Vingsnes.

Saka er meldt i Helse Førde sitt eige avvikssystem, og Helsetilsynet er varsla.