Hopp til innhold

Ventar stort oppmøte på avstemming

I morgon går folket i Solund til urnene for å stemme ja eller nei til den mykje omdiskuterte vindkrafta.

vindmøller i Solund

SLIK KAN DET BLI: Måndag vert det klart kva sulingane meiner om vindkraft.

Foto: Sula Kraft AS/ Vestavind Kraft

- Eg trur det vil bli eit godt oppmøte, seier ordførar i Solund frå Høgre, Ole Gunnar Krakhellen til bt.no .

Omfattande prosjekt

Ole Gunnar Krakhellen

KLAR FOR RØYSTING: Ordførar Ole Gunnar Krakhellen frå Høgre er klar for folkerøysting måndag.

Foto: Steinar Lote / NRK

Planane for vindkraft er omfattande. Tre ulike prosjekt er lanserte, og på det meste kan den vesle kommunen få over 100 vindmøller.

Dette har fått fleire til å setje seg på bakbeina og seie blankt nei til heile vindkraftprosjektet. Det finst mellom anna ei eiga nettside for folk som er imot.

Og seinast på julaftan kom det krass kritikk av kommunen for måten dei handterer saka på.

Fleire har skrive under mot vindkraft i Solund

- Einsidig framstilling

Då var Naturvernforbundet ute med sterke reakasjonar på informasjonshefte som skal gjere det enklare å røyste over vindkraft i Solund.

Dei meinte informasjonen var einsidig positiv til utbygging, og viste til at det heller ikkje var lagt vekt på konsekvensutgreiingane.

Kommunen vedgjekk då at heftet kunne vore meir utfyllande, men viste til at tida hadde vore knapp før brosjyrene skulle ut.

Kan gje store inntekter

Ei vindkraftutbygging kan gi store inntekter til ein kommune som sårt treng det. I dag har Solund 867 innbyggjarar og eit driftsbudsjett på 59 millionar kroner.

Inntekter på opp mot 15 ekstra millionar hadde komme vel med.

- Eg opplever at interessa og engasjementet i denne saka er stort, seier ordføraren til avisa.

Følgjer saka

Ei folkeavrøysting vil uansett berre vere eit signal til politikarane o mkva folket i kommunen ønskjer. For til sjuande og sist er det Norges vassdrags- og energifirektorat (NVE) som tek endeleg avgjerd i saka.

NRK Sogn og Fjordane vil vere på plass i Solund måndag og følgje avrøystinga. Følg med på nettsidene våre, høyr radio og /eller sjå Vestlandsrevyen måndag kveld.