Hopp til innhold

Hydrolog åtvarar: Tohundreårsflaumar vil komme oftare

Europa opplever den verste flaumkatastrofen i moderne tid. Hydrolog åtvarar om kraftigare regnflaumar også i Noreg. – Vatnet kom som ein syndflod, seier familiefar som måtte evakuere etter styrtregn.

Flom i Høyanger

FLAUM: Familien Ytredal i Høyanger kommune på Vestlandet fekk seg ei overrasking då det fløymde over rundt huset.

Foto: Høyanger brannvesen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Geir Ytredal og familien frykta at huset deira skulle bli knust av alt vatnet førre laurdag. Då vart Lavik i Høyanger kommune ramma av styrtregn.

Ei elv tok eit nytt løp og omringa huset og låven. Familien fekk oppleve kor nådelaust vêret kan vere og blei evakuerte av politiet.

– Vatnet kom som ei syndflod ned bakkane her. Det fylte seg opp med vatn rundt huset og vidare nedover bøen. Det såg fælt ut, sa Geir Ytredal til NRK.

Katastrofescenar på kontinentet

Sørover i Europa har hundretusenvis av innbyggarar fått kjenne på katastrofen som vatn kan utgjere.

TV-bileta frå flaumen i Tyskland, Belgia, Nederland og no Austerrike går verda rundt.

Minst 196 har mista livet i Tyskland og Belgia. Fleire er framleis sakna.

Firfeltsvei i Erftstadt stengt etter regnværets herjinger.

STENGD: Ein firefeltsveg i Erftstadt i Tyskland måtte stengast på grunn av flaumen som herjar i landet. Fleire bilar står att i vassmassane.

Foto: Ali Iqbal Tahir / NRK

Dei siste 30 åra er dei mest flaumrike som er registrert dei siste 500 åra.

Det var konklusjonen i ein studie frå 2020, gitt ut av 42 europeiske universitet.

I enkelte delar av Belgia vert flaumen som herjar omtala som ein hundreårsflaum. Også i Noreg kan store flaumar komme hyppigare framover, på grunn av høgare temperaturar.

For fleire norske vassdrag var med i studien.

– Når ein køyrer statistikk, er det gjerne ein føresetnad at vêr og klima er det same år etter år, hundreår etter hundreår. Men slik er det ikkje, seier Elin Langsholt, senioringeniør ved hydrologisk avdeling ved Noregs vassdrags- og energidirektorat.

– Vêret endrar seg. No blir vêret varmare på grunn av klima- og miljøforandringar, seier ho.

To menn prøver å redde gjenstander fra to hus som har blitt ødelagt av flom i kommunen Schuld i Tyskland.

RUINAR: To menn prøvar å redde gjenstandar ut av huset sitt i kommunen Schuld i Tyskland. Flaumar som dette vil komme hyppigare, viser ein ny rapport frå NVE.

Foto: Bernd Lauter / AFP

Størst fare på Austlandet

Langsholt fortel at vi må vente ein auke i regnflaumar og ekstremnedbør i landet.

Det som til no av erfaring har vore definert som 200-årsflaumar i norsk samanheng, kjem på grunn av klimaendringane til å inntreffe oftare.

Det vil føre til meir alvorlege flaumar i alle vassdrag på Vestlandet, langs kysten og i små, bratte vassdrag i heile landet.

Allereie i dag opplever ein mange fleire hendingar som styrtregn enn det som var vanleg i Noreg 30 år tilbake, fortel Langsholt.

Årsaka er at høgare temperaturar gir tidlegare snøsmelting og hyppigare styrtregn, slik Ytredal og familien fekk erfare i Høyanger.

– Flaum kan skje i heile landet, men det er på Austlandet risikoen er størst. Der har ein dei store elvane som Glomma og Drammensvassdraget. Langs vestlandskysten og nordover er det mindre vassdrag, men også der kan vi få store flaumar, seier Langsholt.

Flom på Vangen i Nordreisa

FLOM I JUNI: Førre månad var det Flom på Vangen i Nordreisa.

Foto: Laila Lanes / NRK

Alvorleg, også i Noreg

Dei vassdraga her i landet som kan gjere mest skade dersom dei flaumar over, er kartlagt i eit flaumsonekart.

På Austlandet er særleg Numedalslågen utsett for flaum. I Trondheim er Nidelva kartlagt. Vest i landet er blant anna Nesttunvassdraget i Bergen, Uskedalsvassdraget i Kvinnherad og Øystesevassdraget i Kvam kartlagt.

– Fleire område som er utsette, er det allereie bygningar på. Det kan ein ikkje gjere noko med. Det viktigaste er å ikkje byggje nytt på utsette område, seier Langsholt.

Heldigvis er det lite truleg at vi vil få ein flaum i Noreg som rammar like hardt som flaumen i Sentral-Europa. Historia viser likevel at flaumar også kan vere alvorlege i Noreg.

Store flaumar i Noreg

– Det er sikkert at vi vil få overraskingar med jamne mellomrom, seier Langsholt.

Elin Gerd Langsholt, flomvarsler NVE

HYDROLOG: Elin Langsholt er senioringeniør ved hydrologisk avdeling i Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Foto: Stig Storheil / NVE