Ei 44 år gamal kvinne og ein 35 år gamal mann kom frå ulukka med lettare skader. Ola Dagfinn Årdal, som bur rett ved ulykkesstaden, er ikkje overraska over at det skjer ei alvorleg ulukke på staden. - Dette har vi venta på heile tida, seier han.
Stadige uhell
Ulukka, der ein personbil, ein motorsykkel og ein buss var involvert, skjedde på ei bru, der vegen blir smalare etter ei lang, bein strekning. Føraren av personbilen vurderte det slik at det var for smalt til å passere bussen, så han stoppa. Men det klarte ikkje motorsyklisten som kom bak. Ola Dagfinn Årdal sa han tok opp saka då brua for nokre år sidan fekk nytt rekkverk, og dermed vart smalare enn resten av vegen. For det skjer stadig mindre uhell på staden, seier han.
Krev utbetringar
No krev Årdal at vegstyresmaktene gjer noko med den smale brua. - Det burde skjedd for lenge sidan, seier han, og han håpar at det etter ei slik alvorleg ulukke no skjer noko.
Fungerande distriktsvegsjef Arnfinn Båtevik var på ulukkesstaden i går. Han ville ikkje kommentere utspelet til Ola Dagfinn Årdal, fordi årsaka til ulukka ikkje var klarlagt. Men han seier vegvesenet vil gå gjennom saka når alle fakta er på bordet.