Hopp til innhold

Victoria venta 121 cruiseskip og rekordbesøk. Det kom eitt skip

EIDFJORD (NRK): Berre to av 279 planlagde cruiseanløp kom til Flåm og Eidfjord denne sesongen. Norske turistar greidde berre redde delar av sesongen.

Victoria Czajor ved Norsk natursenter i Eidfjord har seld mykje klede i år, men lite troll, magnetar og nøkkelringar.

MYKJE KLEDE: Victoria Czajor ved Norsk natursenter har seld mykje klede i år, men lite troll, magnetar og nøkkelringar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Eigentleg skulle 121 cruiseskip ha segla inn mellom fjella i Hardangerfjorden og enda opp i Eidfjord.

I staden kom det berre eitt, og det kom allereie i februar.

På turistkontoret rett ved cruisekaia i bygda heng kalenderen for 2020. Det er tydeleg merka av når skipa skulle ha kome inn dei siste mila av fjorden.

– Det byrja 24. februar. Det anløpet fekk me jo. Men det vart med det, seier Marit Stadheim i Destinasjon Eidfjord.

Sist veke skulle det siste cruiseskipet lagt til kai i Eidfjord. Før sommaren var oppfordringa klar til norske turistar. Nordmenn kunne redde reiselivet om dei la ferien innanlands i år.

Nordmenn redda deler av sesongen

I Eidfjord har dei først og fremst merka godt at utanlandske turistar har uteblitt. I fjor selde dei billettar og aktivitetar for 6,7 millionar kroner.

I år selde dei for 101 000 kroner, ifylgje Stadheim.

– Ein kan tenkja seg korleis det har gått, seier ho.

Dei norske turistane redda delar av sesongen. Sommarmånadane var veldig bra, også for bedriftene i Eidfjord. Men innanlandsturistane forsvann fort.

Oppfordringa til nordmenn om å feriera i Noreg har fungert delvis.

– Det var roleg i september. I oktober vart det heilt stopp, seier Stadheim.

yZk3HsnlBUQ

FÅ CRUISETURISTAR: Her skulle cruiseskipa ha kome seglande på rekke og rad i år. Det har dei ikkje gjort.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

Har tapt 8 millionar

– Det har gått mykje i jakker og klede i år. Troll, nøkkelringar, magnetar og slike småting har det gått mindre av, seier Victoria Czajor ved Norsk natursenter i Eidfjord.

Ho tel over kor mange varer dei har att i suvenirbutikken etter årets turistsesong. Det vart ikkje den rekordsesongen Norsk natursenter hadde trudd det kom til å bli.

– Det vart heilt motsett, konstaterer ho.

Det gjekk likevel betre enn frykta då koronapandemien sette inn for fullt tidleg i vår. Saknet etter dei internasjonale turistane har likevel vore stort.

Norsk natursenter reknar nemleg med at dei har tapt 8 millionar kroner i år.

Cruiseskipa Marella Explorer og Queen i Aurlandsfjorden ved Flåm.

SKIP: I 2019 var mellom anna «Marella Explorer» og «Queen» på besøk til Flåm inst i Aurlandsfjorden.

Foto: Helge Sunde / Helge Sunde

Mista ni av ti togreisande

Også reiselivsnæringa langs Sognefjorden, nokre mil nord, har merka at cruiseturistane har uteblitt i år. I Flåm pleier 95 prosent av dei besøkande å vera utanlandske turistar.

Det var planlagd at 158 skip skulle segla heilt inn til Flåm inst i Aurlandsfjorden. Også her kom det berre eitt.

– Det har vore krevjande. I år har me hatt 15-20 prosent av det salet me hadde i fjor, seier Solrun Hjelleflat i Flåm AS.

Omsetninga deira i år var på 110 millionar kroner. I fjor hadde dei om lag ein milliard i omsetning. På eitt år har Flåmsbana mista ni av ti reisande.

– Det er klart det er krise i reiselivsindustrien, seier ho.

Men heller ikkje neste år kjem til å bli eit vanleg år, trur Hjelleflat.

– Me håpar me får meir utanlandske gjester, iallfall på slutten av året. Alle ivrar etter å koma i gang att, men det usikkert kva form og størrelse me kan koma tilbake, seier Hjelleflat.

Flåmsbana ved Berekvam

FORSVANN: Flåmsbana har på det meste hatt over 900 000 reisande på eitt år. I år klarer dei truleg ikkje meir enn rundt 150.000.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK