Hopp til innhold

Venstre vil stogge seismikkskytinga

Sogn og Fjordane Venstre vil stogge oljeindustrien sin viktigaste reiskap for å finne olje og gass.

Seismikk

Sogn og Fjordane Vesntre krev at regjeringa set ein stoggar for seismikkskytinga langs kysten.

Partiet meiner at det mangler kunnskap om konsekvensane som seismikkskytinga får for fiskeriet og livet i havet.

- Veit ikkje nok

Dei krev difor at regjeringa stoggar seismikkskytinga langs kysten.

- Vi er redde for at vi ikkje veit nok om kva fylgjer seismikkskytinga kan få for fiskeriet. Dei vil vi ha heilt klare på førehand før vi tillet slikt, seier fylkesleiar Torbjørn Kolaas.

Skremmer fisk

Kravet blir nok godt motteke blant fiskarane, som i fleire år har kjempa mot seismiske undersøkingar . Utanfor norskekysten er det også blitt fleire konfrontasjonar mellom fiskefarty og seismikkfarty . Eit farty prøvde også å betale ein fiskebåt frå Ervik Havfiske , for å reise frå fiskefeltet. Dei meiner kartleggingsmetoden går hardt utover fisket.

Forskarane derimot veit for lite om kva verknad seismikkskyting har på fisk, men trur den har ein skremmeavstand på 18 nautiske mil for torskefisk og kanskje større for sild og pelagiske artar.

- Fisket vi skal ha

Kolaas seier at fisket er ein evigvarande ressurs som ein er nøydd til å beskytte.

- Fiskeriressursane har vi hatt her i fylket i all tid. Oljeverksemda byrja utanfor fylket vårt på 70-80-talet. Den har vi kanskje i ein periode på 30-40 år til. Fiskeriressursane er langt meir berekraftige. Det er dei vi skal ha i all framtid, seier han.