Hopp til innhold

Venstre vedgår svak distriktspolitikk

SOGNDAL (NRK): Venstre har ikkje gjort nok for distrikta. Det vedgår Venstre sjølve.

Bjarte Heggheim og Anne Mette Hjelle ved møtebord

MURRING OG MISNØYE: Bjarte Heggheim i Gloppen Venstre og Anne Mette Hjelle i Førde Venstre meiner begge at Venstre har eit distriktsproblem.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har hatt utmeldingar. Ikkje mange. Men nokre få viktige styremedlemmar. Det tek vi på alvor.

Det seier Anne Mette Hjelle som leiar i Førde Venstre, eitt av dei store Venstre-laga i fylket.

Anne Mette Hjelle på Venstre-talarstol

URO: Anne Mette Hjelle i Førde Venstre fortalde om ei lokal misnøye.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Under fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Venstre i Sogndal fortalde ho om ei uro i grasrota over manglande distriktspolitikk.

– Eg ønskjer at Venstre i større grad skal setje merkelappen distriktspolitikk på ting. Det må vere ein ambisjon og vilje som er tydeleg.

Ho er ikkje åleine.

– Miljø set distrikta i skuggen

Også leiar Bjarte Heggheim i Gloppen Venstre, vil ha meir distriktspolitikk frå partiet sitt.

Mellom anna vil han snu partiet sitt syn på å avvikle pelsdyrnæringa.

– Eg trur vi som distrikts-Venstre må ta til motmæle mot den type saker. Nettopp for å synleggjere at vi står for ein distriktspolitikk. For det trur eg har hamna i bakleksa.

– På kva måte?

– No har miljøpolitikken overskygga distriktspolitikken. Den er kome for lite fram i lyset.

Bjarte Heggheim

I BAKGRUNNEN: Bjarte Heggheim i Gloppen Venstre meiner distrikt er stilt i skuggen av miljø. Bak han sit stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Medlemsflukt

Det siste året har Sogn og Fjordane Venstre mista meir enn kvart tiande medlem.

407 medlemmar stod att ved årsskiftet etter at 55 slutta å betale kontingent i løpet av året.

I Førde har to lokallagsstyremedlemmar meldt seg ut i protest.

– Lokalt er det ei murring. Både på grunn av samarbeidet med Frp, men også over distriktsprofilen til Venstre sentralt. Vi i Førde Venstre har sendt inn vår uro både til fylkespartiet og partiet sentralt, seier Anne Mette Hjelle.

Forsamlinga i fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Venstre

SAMLING: Fylkesårsmøtet i Venstre vedtok at dei vil gå i regjering med Høgre og KrF. Og ikkje lenger støtte ei regjering med Frp i.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Med eller utan Frp

Sogn og Fjordane Venstre vedtok at dei ikkje lenger vil støtte ei regjering med Frp i.

Dei vil heller ha gå i regjering saman med Høgre og KrF.

Deira eigen stortingsrepresentant og sentralstyremedlem Sveinung Rotevatn er ikkje sikker på om det er rett strategi.

– Eg meiner det er betre med ei regjering der Venstre er med, enn ei utan Venstre. Og eg meiner vi ikkje skal lukke så forferdeleg mange dører. For eg synest veljarane skal få seie sitt.

Men han vedgår at dei ikkje har vore flinke nok.

Sveinung Rotevatn med mikrofon

IKKJE NOK: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn seier Venstre ikkje har gjort nok for distrikta.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg er einig i at vi ikkje har gjort nok for distrikta.

Han trekk fram to konkrete døme.

– Vi har lova veljarane at vi skal flytte ut fleire statlege arbeidsplassar. Det har vi ikkje gjort i stort nok monn enno. Og så må greie å lande ei god og ansvarleg landbruksmelding i løpet av våren.

– Vi har ein jobb å gjere med å synleggjere den gode distriktspolitikken vi har ført. Men også å få gjennomslag for ein enno betre distriktspolitikk, seier Sveinung Rotevatn.