OSLO OG AKERSHUS: Siri Engesæth, frå Venstre i Akershus, vil prioritera Oslo og Akershus framfor samferdsletiltak elles i landet.
Foto: Henriette Mordt / NRKVESTLENDING: Julie Andersland, gruppeleiar for Venstre i Bergen, har ikkje mykje til overs for utspelet til Engesæth.
Foto: NRKEit utspel frå Venstre sin andrekandidat i Akershus, Siri Engesæth, får partifellene på Vestlandet til å sjå raudt. Akershus-kandidaten tar til orde for at samferdsletilbodet elles i landet bør prioriterast ned, til fordel for det sentrale austlandsområdet.
– Akershus må lesa Venstre sitt program ein gong til. At me prioriterer Bergensbanen, E39, og kollektivtilbod også i byane utanfor Oslo er ettertrykkeleg slått fast, seier Julie Andersland, som er gruppeleiar for Venstre i Bergen.
No vil Andersland invitera Siri Engesæth til å stå i kø i morgonrushet i vestlandshovudstaden.
– Då trur eg ho vil sjå behovet for å satsa kollektivt også utanfor Oslo, seier Andersland.
Vil prioritera Oslo og Akershus
Forslaget om å gjera kyststamvegen mellom Kristiansand og Trondheim ferjefri, er eit av forslaga Engesæth meiner bør leggjast vekk.
– Eg synst absolutt regjeringa må vurdera om ferjefri E39 er det tiltaket dei vil gjennomføra i staden for eit velfungerande kollektivtilbod i Oslo og Akershus, seier Siri Engesæth.
– Ser seg blind
Fylkesordførar i Hordaland Mona Hellesnes, også ho frå Venstre, ønskjer òg å vera med på bilturen.
– Her ser Engeseth seg blind på lokale tilhøve på Austlandet, meiner fylkesvaraordføraren.
Ho meiner at samferdslepolitikk er klimapolitikk, også utanfor det sentrale austlandsområdet.
– Å bygga jernbane mellom dei store byane handlar ikkje om distriktspolitikk. Det handlar om å redusera CO2-utslepp, seier Hellesnes.
– Elskar Bergen
Siri Engesæth fortel at ho har studert i Bergen, og ikkje har noko i mot å verta invitert til byen. Men ønskjer heller å sykla, gå eller ta Bybanen, enn å stå i kø.
– Å stå i kø er det einaste eg kjem på som gir meg magesår, seier Engesæth.
Andrekandidaten til Venstre i Akershus forsvarar at ho ønskjer å bruka mindre pengar andre plassar, for å prioritera Akershus og Oslo.
– Eg er jo Akershus-politikar og vil prøva å få gjort noko med dei utfordringane me har her, men eg er heilt klar over at det er utfordringar i Bergen og dei andre større byane òg, seier Engesæth.
– Poenget mitt er at ein ikkje kan klatte utover overalt. Ein må prioritere der behovet er størst. Det er heller ikkje slik at partiprogrammet er vedteke enno, seier andrekandidaten.