Hopp til innhold

Venstre erkjenner nederlag om Førdefjorden

Gruvemotstandarane ynskjer at Venstre skal stoppe utslepp av gruveavfall i Førdefjorden. Men Venstre-politikar seier partiet har mislukkast i miljøsaka.

Markering i Førde for Førdefjorde

RIGGAR SEG FOR OMKAMP: Ingebjørg Marie Thorkildsen, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Denne veka fekk Nordic Mining driftsløyve til mineralgruva på Engebø i Førdefjorden. No krev motstandarane at Venstre likevel skal stoppe gruva i tolvte time.

Dette skjer trass i at det er næringsminister Iselin Nybø (V) som sit med det politiske ansvaret for driftsløyvet.

– Me er klare til kamp og gir oss ikkje sjølv om direktoratet har gitt løyve, seier Ingebjørg Marie Thorkildsen, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

Planane er omstridde sidan Nordic Mining skal dumpe gruveslammet i eit deponi på fjordbotnen.

Krev handling frå Venstre

– Me kjem til å klage. Då må heile regjeringa ta denne avgjerda, inkludert Venstre, som er mot dette prosjektet.

Thorkildsen meiner Venstre har alle moglegheiter til å stoppe prosjektet, og krev at partiet står for det dei eigentleg meiner.

– Me ser absolutt ikkje på slaget som tapt.

Prosjektet er svært omstridd og motstanden frå miljørørsla har tidlegare vist seg i form av sivil ulydnad. Også den profilerte Venstre-politikaren Alfred Bjørlo har tidlegare støtta sivil ulydnad i saka.

– Kor langt er Natur og Ungdom sjølve villige til å gå?

– Me har 4000 menneske som har sagt seg villige til å gjere sivil ulydnad og bryte lova for fjorden. Regjeringa vil stå i hardt ver, om dei tillèt dette, seier Thorkildsen.

Ytre Førdefjorden - Vevring og Engjabø

FØRDEFJORDEN: Ved Engebø til høgre i biletet skal Nordic Mining utvinne mineralet rutil.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Venstre forsvarar at dei har gitt løyve til noko dei er i mot

Venstre har heile tida vore motstandarar av store deponi av gruveavfall i norske fjordar. No er det næringsministeren frå same parti som er ansvarleg for at Nordic Mining får det siste og avgjerande driftsløyvet.

Næringsminister Iselin Nybø (V) seier partiet fekk gjennomslag i 2019 i Granavolden plattforma for nei til nye sjødeponi.

– Men denne saka er frå før Venstre gjekk inn i regjering. Utsleppsløyvet til sjødeponi vart gitt i 2015, denne saka gjeld driftskonsesjon, seier Nybø.

Dersom det ferske driftsløyvet blir klaga inn er det ho som er klageinstans. Difor kan ikkje Nybø kommentere saka ytterlegare.

– Då skal vi sjølvsagt behandle den klagen på ein grundig måte, seier ho.

Markering i Førde for Førdefjorde

SPONTANT NEI: Torsdag møtte 78 personar opp i førde til ei spontanmarkering mot gruvedrift i Førdefjorden.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Stortingsrepresentant: – Vi har ikkje lukkast

– Venstre har kjempa for denne saka både i Regjering og i Stortinget utan å lukkast. Når det er eit så stort fleirtal for dette er det vanskeleg å stoppe det, seier stortingsrepresentant Solveig Schytz (V).

Også SV har tidlegare kjempa i regjering mot utbygginga.

Likevel vonar Schytz at motstandarane vil klare å stoppe prosjektet som hennar eiga regjering no gir driftsløyve til.

– Eg beundrar pågangsmotet til Natur og Ungdom og håper at engasjementet til dei og fleire vil kunne få fleirtalet i Stortinget til å snu.