Hopp til innhold

Gir dispensasjon til omstridd kraftline

Miljøverndepartementet gir Statnett dispensasjon til å leggje omstridd kraftlinje gjennom naturreservat i Bremanger.

Bård Vegar Solhjell

TOMMELEN OPP: Bård Vegar Solhjell gir Statnett dispensasjon til å leggje omstridd kraftlinje gjennom Sørdalen naturreservat.

Foto: Kjell Olav Nordberg / NRK

Linja gjennom Sørdalen naturreservat er mellom dei mest omstridde i Sogn og Fjordane, og har blitt påklaga av både grunneigarar og Statnett.

No gir altså miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) Statnett tommelen opp til å leggje linja gjennom naturreservatet.

– Alle andre løysingar i denne saka vil forseinke sikringa av kraftforsyninga til Midt-Norge. Men andre trasear har også miljøutfordringar ved seg, som påverknad av relativt urørt natur, seier Solhjell.

Statnett klaga

Kraftlina gjennom Sørdalen barskogreservat i Bremanger.

RESERVAT: Sørdalen er eit barskogreservat.

Foto: Fylkesmannen

Kraftlina har fått mykje merksemd i media siste året. Mest fordi olje- og miljøvernminister Ola Borten Moe såg vekk frå NVE og Statnett si tilråding om å leggje kraftlina gjennom Førdedalen.

Grunneigarane i området har teke til motmæle og jobba kraftig imot linja.

I februar fekk dei også støtte hos fylkesmannen som avslo dispensasjonssøknaden frå Statnett. Dette fordi fylkesmannen meinte tiltaket var i strid med verneføremålet for området, og at det ikkje var heimel for vedtaket .

– Vi har brukt over ein halv million kroner, og er klar for å bruke endå meir, sa Brynjar Myklebust til Bergens Tidende i februar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

KJEMPAR I MOT: Asbjørn Myklebust (f.v.), Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Stort behov

Men Statnett aksepterte ikkje avslaget hos Fylkesmannen, og klaga saka inn for Miljøverndepartementet. Statsråden gav dei dispensasjon.

Solhjell viser til ein situasjon med kraftunderskot i Midt-Norge, og eit stort behov for å styrke straumnettet mellom Midt-Norge og Sogn og Fjordane. Han meiner det er viktig å unngå så mykje forseinking som mogeleg.

– Eg har sett meg grundig inn i saka og vurdert dei ulike alternative, og meiner dette er den beste løysinga fordi vi har utfordringar for krafttryggleiken og det er problem også knytt til alternativa, seier statsråden.

– Beste konklusjonen

– Du er sjølvsagt kjent med at både fylkesmannen og Direktoratet for Naturforvaltning ikkje ville ha ei kraftline gjennom denne urskogen. Kva tenkjer du om å overprøve dei i ei slik miljøsak?

– Dei har ikkje sett på andre samfunnsmessige interesser som eg er forplikta til å gjere. Som til dømes spørsmål om forsyningstryggleiken til Midt-Norge som er ein stor og viktig region og er eit stort og viktig spørsmål. Så er det også mi vurdering at det er miljøutfordringar og negative miljøsider ved det andre alternativet. I sum gjer dette at eg landar på den konklusjonen der.

– Uakseptabelt

Stortingskandidat for Sogn og Fjordane Venstre, Sveinung Rotevatn, meiner dispensasjonen til å leggje kraftgate gjennom Sørdalen naturreservat er uakseptabel.

Sveinung Rotevatn

KRITISK: Sveinung Rotevatn.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Han er samd i straumtryggleiken er viktig, men meiner det er regjeringa sin eigen feil at linja har blitt utsett.

– Vi har hatt grundige prosessar, men etter at desse var ferdige, så bestemte Senterpartiet og Ola Borten Moe seg for å gripe inn og endre traseen, seier Rotevatn.

– Regjeringa sitt problem

Venstretoppen seier til at alle vernestyresmakter har frårådd å leggje kraftlina gjennom reservatet.

Rotevatn meiner det er alvorleg både for det biologiske mangfaldet, og alvorleg at regjeringa og ein SV-statsråd vel å køyre over miljøomsyna.

– Problemet er at det er regjeringa sjølv som har gripe inn og valt å endre vedtak, og legge lina i verna område. Det er opp til dei å klare å få opp den linja så fort som mogeleg, utan å bryte viktige vernevedtak. Dette kan vi ikkje leve med, seier han.

Løyve på vilkår

Dispensasjonen blir gjeven med vilkår om at eksisterande leidning gjennom reservatet skal leggjast i kabel langs fylkesvegen.

Vidare skal hogst i ryddebeltet til den nye leidningen reduserast til eit minimum, og den skal gjerast som toppkapping der dett gir tilstrekkeleg avstand.

– Eg er heilt sikker på at miljøvernorganisasjonane er kritiske, men i ein heilskapleg vurdering så meiner eg at den rette avgjerda er å gje denne dispensasjonen, seier Solhjell.