Hopp til innhold

Her er halvparten av elevane framandspråklege

Om lag halvparten av elevane ved Slettebakken skule i Bergen er innvandrarelevar. Rektor Anita Shepherd trur etnisk norske foreldre vel å senda borna sine til andre skular.

Klasserom på Slettebakken skole

FLEIRKULTURELT: Elevane ved Slettebakken skule kjem frå mange ulike land. Om lag halvparten av elevane er framandspråklege.

Foto: Siri Løken / NRK

– Vi får jo lister over elevar som høyrer til oss reint geografisk. Då ser vi jo at mange norske born står på dei listene, men dei vel oss vekk, seier Shepherd.

På Slettebakken skule er om lag halvparten av elevane framandspråklege. Men i nokre klassar er delen enno høgare.

– I ein av tredjeklassane er det 70 prosent framandspråklege. Det er berre ei etnisk norsk jente i den klassen, fortel Shepherd.

Ho trur etnisk norske foreldre ønskjer at borna deira heller skal gå på skular med færre innvandrarelevar.

– Dei vel gjerne Landås, Sædalen eller Paradis. Vi veit jo at dei norske elevane er her, men som sagt så kjem dei ikkje til oss.

– Urovekkjande

Også ved andre typiske innvandrarskular i Bergen veks delen framandspråklege.

I periodar har vi fått mange førespurnader frå norske foreldre som har vore bekymra for at det er ein stor andel av minoritetspråklege born ved skulen, seier FAU-leiar Tina Hafstad Karlsson ved Ny Krohnborg skule.

Rektor Anita Shepherd ved Slettebakken skole

VEL VEKK SKULEN: Det trur rektor Anita Shepherd ved Slettebakken skule.

Foto: Siri Løken / NRK

Skulen ligg også i Årstad bydel og har 47 prosent framandspråklege.

– Eg trur det er ein redsel for det framande. Eg tykkjer det er urovekkjande at det vert ein ghettofisering av enkelte skular i Bergen, seier Karlson.

Til liks med Slettebakken har Ny Krohnborg ein høgare andel elevar med innvandrarbakgrunn på dei lågare klassetrinna. Karlsson seier det er ei stor utfordring å integrere dei utanlandske elevane når dei er så mange.

Godt miljø

Rektor Anita Shepherd ved Slettebakken skule tykkjer det er synd at etniske norske foreldre vel vekk skulen. For nokre år sidan hadde Slettebakken problem med vald og uro men ifølgje Shepherd er ikkje det eit problem lenger.

Ho får støtte frå FAU-representant ved skulen, Elisabeth Johansen. Ho har aldri vurdert å sende borna sine til ein anna skule.

– Vi soknar til denne skulen, og vi hadde ingen betenkeligheitar med det.

Skulen gjer mykje for å integrere elevane i nærmiljøet. Eit av integreringsprosjekta er ei eiga jentegruppe der lærarane følgjer born til fritidsaktivitetar og bursdagar.

FAU-leiar Karlsson ved Ny Krohnborg skule meiner ein må unngå Oslo-tilstandar i bergensskulane.

– Vi bør lære ut av Oslo, og sjå at når det samlast mange innvandrarborn på ein og same skule så flyktar dei norske familiane til andre stader i byen. Dei veit ikkje heilt kor mange fordelar det er med å gå på skular med mangfald og eit fleirkulturelt fellesskap, avsluttar Karlsson.