SAMTALE: Sara Cox Kvalheim håpar å få bruk for språket på utsida av klasserommet.
Foto: NRK– Eg har eit søskenbarn som er døv, og eg kan snakka med han. Men det blir litt kjekkare for begge om eg lærer meg det, sånn at eg kan ha ein skikkeleg samtale med han, fortel Sara Cox Kvalheim, ein av fleire elevar ved Vågsøy ungdomsskule i Nordfjord som har teiknspråk som framandspråk.
Norsk teiknspråk har vore eit offisielt språk sidan 2008, men ifølge døveforbundet er Vågsøy aleine om å tilby teiknspråk som fullverdig framandspråk i ungdomsskulen.
Ein av årsakene til at skulen kan tilby faget er at ein av lærarane også er teiknespråktolk.
– Vi hadde kompetansen her og tykte det ville vere kult å få til noko anna enn berre dei vanlege språkfaga. Vi var heldige og fekk mange søkarar til faget, og det verkar som elevane likar det, seier teiknespråklærar, Kathrine Kvalheim Osnes.
1/4 har teiknspråkundervisning
LÆRAR: Kathrine Kvalheim Osnes er teiknspråklærar og delar gjerne av kompetansen sin.
Foto: NRKOm lag ein fjerdedel av elevane på Vågsøy ungdomsskule har vald teiknspråk som framandspråk.
– Først hadde eg engelsk, men så ville eg prøve noko anna fordi det var så likt dei andre timane vi har. Då prøvde eg teiknspråk og eg tykkjer det er spennande, seier elev i 9. klasse, Kristine Vederhus Myklebust.
– Dei får utfordra seg sjølv på heilt andre område enn i eit vanleg språkfag. Det er veldig kjekt, seier læraren.
Fleire følgjer etter
ELEV: Kristine Vederhus Myklebust tykkjer teiknspråk er spennande.
Foto: NRKFor augneblikket er Vågsøy ungdomsskule den einaste skulen i landet som tilbyr teiknspråkundervisning, men i haust blei det bestemt at Nattland ungdomsskule i Bergen skal prøva det som eit valfag.
For skulen i Nordfjord, var det aldri aktuelt å berre ha det som valfag.
– Eit valfag kan du velje å ha eit år og så kan du ha noko heilt anna. Då får du ikkje det utbytte som du får med eit fordjupingsfag, seier inspektør, Edle Iversen.
– Får betre innsikt
Rådgjevar Kari Larsen meiner det er viktig å få betre innsikt i dei døve sin verd.
Foto: NRKIfølge Statlig spesialpedagogisk tjeneste (Statped) er det fleire skular som ønskjer å få teiknspråk inn som eit undervisningsfag. Problemet er å få tak i kvalifiserte lærarar.
Rådgjevar i Statped, Kari Larsen, tykkjer tilbodet ved Vågsøy er viktig.
– Det er kjempeflott at dei har fått det til. Det er fint at det faktisk er høyrande elevar og medelevar til hørselshema som ønskjer å lære seg teiknspråk. For gjennom språkopplæringa får ein også betre innsikt i kva det inneber å vere hørselshema ute i ein høyrande verd, seier ho.