Vekterstreiken råkar basen i Florø

Måndag måtte FjordBase i Florø redusere produksjonen etter kl.19.30 og la skip vente til i dag. Det skapar forseinkingar for forsyningar i Nordsjøen. Forsyningsbasen i Florø blei råka då streiken blei trappa opp i helga. Konsernsjef i INC-gruppen, Geir Joannessen, seier det vil vere normal drift frå tysdag morgon.