Hopp til innhold

Brannoffer friskmeld for heimreise - men veit ikkje kva som ventar han

– Eg veit ikkje kva som møter meg. Kjell Hiller skal ta buss heim frå sjukehuset i Førde til Lærdal. Huset hans vart berga i brannen, men han fryktar store røyk- og vasskader.

Kjell Hiller på veg heim til Lærdal

VEIT IKKJE KVA SOM MØTER HAN: Kjell Hiller sitt hus stod att medan alle nabolaget er brunne ned. No veit han ikkje kva som møter han. Her er han ved avreise frå Førde sentralsjukehus.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Kjell Hiller sitt hus vart på mirakuløst vis berga i brannen i Lærdal. Sjølv kjempa han mot flammane for å berge husa rundt seg. Men til slutt måtte Hiller evakuerast på grunn av varmen og brannfaren.

Måndag ettermiddag vart fleire av dei røykskadde ved Førde sentralsjukehus skrivne ut. I alt var det 24 personar som har vore lagt inn på sjukehuset og fått behandling for røykskader.

– Det skal bli godt å komme heim. Men eg veit ikkje kva som møter meg, seier Hiller.

Mange av dei som var utskrivne frå sjukehuset i dag var brannpersonell. Dei kom i det dei stod og gjekk i då dei vart sende til sjukehus med røykskader.

(Saka held fram under biletet)

Brannfolk på veg heim

PÅ VEG HEIM: Brannfolk frå heile Sogn møttest for å ta bussen i det dei stod og gjekk i brannatta.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Mirakel at huset hans står

Huset til Hiller står åleine att, medan det ser ut som ei krigssone rundt huset hans. Nabohusa er vekk.

– Bror min har sagt at eg kan bu hos han. Foreldra mine må også husast. Dei vart også evakuerte i brannen, seier han.

(Saka held fram under biletet)

Huset til Kjell Hiller

STÅR ÅLEINE ATT: Naboane miste alt dei eigde. Hiller veit ikkje kor store røyk og vasskader huset har fått.

Foto: Arne Veum / NTB scanpix

I dag møtte Hiller ein av brannmennene som var med på å berge huset hans.

– Eg har fått vite at det truleg er store vasskader på huset. Dei hadde bløytt det i over to og ein halv time for å redde det frå flammehavet. Dessutan hadde det brunne i noko i nærleiken av taket, så eg veit ikkje kva som møter meg.

Uroa for ungane

Tobarnsfaren prisar seg lukkeleg over at borna hans var hos mora denne helga.

– Sjuåringen spurde meg på telefon i dag om eg trudde at den nye, elektriske leikehunden hennar framleis ville virke. Den er heime i huset.

Hiller trur at borna vil måtte bruke tid på å forstå kva som har skjedd. Han trur likevel det blir viktig at dei får tid og vere med å sjå kva som har skjedd.

– Eg forstår det jo knapt sjølv. Vi byrjar jo å forstå at dette ikkje blir så lett, seier han.

Hiller er ein av mange brannoffer som ikkje veit kva dei skal gjere framover. Mange er framleis er evakuerte og veit ikkje om dei får flytte heim att. Og mange er huslause etter å ha mista alt.

Bygda stiller opp for huslause

Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal seier mange private og venner har stilt opp for alle som er råka av brannen.

– Mange er i Aurland framleis. Vi har ikkje oversikt over behovet i dagane framover. Men alle har eit tilbod på kort sikt.

– Det vi ikkje veit er kor mange av dei husa som står att som er mogeleg å bu i på grunn av røyk- og vasskader.

Kommunen har oppretta husformidling, og ordføraren meiner dei på kort sikt har eit bra tilbod, men at dei på lang sikt ikkje har oversikt.