Hopp til innhold

Veit ikkje kor feilen ligg

Bergen kommune kartlegg framleis omfanget av at uvedkomande fekk tilgang på personinformasjon til 35.000 elevar og lærarar. – Det er for tidleg å seia om feilen ligg hos oss eller hos leverandøren, seier kommunaldirektør Trine Samuelsberg. Leverandøren, Identum, uttalte til NRK onsdag at feilen ligg hos kommunen.